«Trenulețul» (rumensk uttale [trenuˈletsul], norsk omsetjing 'det litle toget') er ein song med det moldovske folk-punkbandet Zdob și Zdub og folkemusikk-duoen Frații Advahov. Songen var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2022, der han enda på ein sjuandeplass.
Om songen «Trenulețul» – det litle toget – handlar om ein energisk og glad togtur mellom hovudstadane i Moldova og Romania: Chișinău og București. Ifølgje bandet kom musikkvideoen til songen ut same dag som attopninga av togruta mellom dei to byane.
«Trenulețul» var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2022, etter at den moldovske ålmennkringkastaren Teleradio-Moldova valde låten gjennom ei tv-sendt auditionrunde 29. januar 2022. Uttakinga vart halden i TRM Studio 2 i Chișinău, og ein ekspertjury kåra «» til vinnar. Blant kriteria juryen dømte etter, var stemmekvalitet og styrken i musikkomposisjonen. Juryen bestod av Geta Burlacu (songar, representerte Moldova i 2008), Vali Boghean (songar og låtskrivar), Cristina Scarlat (songar, representerte Moldova i 2014), Victoria Cușnir (journalist) og Aliona Moon (songar, representerte Moldova i 2013).
Eurovision Song Contest Den 66. utgåva av Eurovision Song Contest vart arrangert i Torino I Italia, og bestod av to semifinalar 10. og 12. mai, i tillegg til finalen laurdag 14. mai 2022. Moldova var trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai. Der kvalifiserte dei seg til finalen, der dei enda på ein sjuandeplass. Låten vart nummer to i telefonavrøystinga.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Island (Plötutíðindi) 21 Litauen (AGATA) 14 Nederland (Single Top 100) 8 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 9 Storbritannia (OCC) 48
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trenulețul» frå , den 7. desember 2022.
Kategori:Songar frå 2021 Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Rumenskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar