Dmitrij Vladimirovitsj Bilozertsjev () er ein russisk-fødd tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i mangekamp 1983 og 1987 og vann tre gullmedaljar under Sommar-OL 1988.
Karriere Knapt 17 år gammal vart Bilozertsjev i 1983 den yngste mannlege mangekampmeister i ein verdsmeisterskap. Elles under meisterskapen sikra han seg gullmedaljar i bøylehest, ringar og svingstang. Han deltok ikkje Sommar-OL 1984, ettersom Sovjetunionen boikotta leikane i Los Angeles. Året etter braut han eine foten stygt i ei trafikkulukke med bil. To år seinare lukkast han vinne mangekampen då Turn-VM 1987 vart avvikla i Rotterdam, som i 1983 tok han gull i bøylehest og i svingstang. Under dei olympiske sommarleikane 1998 i Seoul vann han gullmedaljar i bøylehest, ringar og med det sovjetiske mannskapet i lagtevlinga. I mangekampen enda han på tredjeplass.
Bilozertsjev utvandra til USA i 1993.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dmitry Bilozerchev» frå , den 10. desember 2022.
Kategori:Russiske turnarar Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1988 Kategori:Folk frå Moskva