«River» (norsk omsetjing 'elv') er ein popballade frå 2022 med den polsk-amerikanske artisten Krystian Ochman, med scenenamnet Ochman. Songen vann den polske musikktevlinga Tu bije serce Europy! Wybieramy hity na Eurowizję 2022 laurdag 19. februar 2022 og var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen Ochman skreiv «River» saman med låtskrivarlaget Ashley Hicklin, Adam Wiśniewski og Mikołaj Trybulec. Songen var eitt av 150 bidrag som kom inn til ålmennkringkastaren TVP si tevling for å finne det polske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Ein fagjury på fem personar plukka «River» og ni andre bidrag til den polske finalen Tu bije serce Europy! Wybieramy hity na Eurowizję 2022 (norsk 'Hjartet til Europa slår her! Vi vel ein hit til Eurovision 2022').
I finalen laurdag 19. februar 2022 vann «River» tevlinga med 51 prosent av røystene i superfinalen. Som vinnar vart songen det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. «River» deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022, og kvalifiserte seg til finalen, der han vart nummer 12.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Island (Plötutíðindi) 24 Litauen (AGATA)34 Nederland (Single Tip)26 Polen (Airplay Top 100)14 Storbritannia (UK Download (OCC))42 Sverige (Sverigetopplistan)88
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «River (Ochman-sang)» frå , den 13. desember 2022.
Kategori:Polske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar