Johannes Hendricus Maria Smit (), betre kjend som Jan Smit, er ein nederlandsk songar, programleiar, skodespelar og fotballeiar.
Smit byrja karrieren som tiåring, under namnet Jantje Smit, i gutegruppa Volendam MWN. Seinare lanserte han ein solokarriere før han i 2015 vart med i den nederlandske slagergruppa KLUBB3, og vidare i slagergruppa De Toppers i 2017. Som programleiar har han jobba med program som De beste zangers van Nederland og TROS Muziekfeest. Sidan 2011 har han kommentert Eurovision Song Contest. Smit vart vald til å leie Eurovision Song Contest i 2020 saman med Edsilia Rombley og Chantal Janzen. Den 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronapandemien i Europa vinteren 2020. I staden leia han erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light i mai 2020, i tillegg til å leie Eurovision Song Contest 2021.
Smit syng vanlegvis på nederlandsk innan sjangrane pop, slager og danseband. Han har også vore ambassadør for SOS Barnebyar og er styremedlem i fotballklubben FC Volendam.Jan Smit nieuwe voorzitter FC Volendam, FC Volendam, 2. mai 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jan Smit» frå , den 17. desember 2022.
Kategori:Nederlandske programleiarar Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar