Christo Vladimirov Javacheff, bulgarsk Христо Владимиров Явашев, (), og Jeanne-Claude Denat de Guillebon () var eit kunstnarektepar. Paret vart kjent for sine miljøkunstinstallasjonar, mellom anna for sitt arbeid på brua Pont Neuf i Paris i 1985, på forbundsdagen i Berlin 1995, og «The Gates» i Central Park i 2005.
Biografi Jeanne-Claude vart fødd 13. juni 1935 i Casablanca i Marokko. Ho stamma frå ein familie av franske offiserer. Mannen hennar, Christo, vart fødd same dag i Bulgaria. Christo byrja si profesjonelle opplæring som flyvert før han vart kunstnar. I 1956 flykta han frå landet sitt på eit godstog, og etterlét seg det kommunistiske regimet og den sovjetiske realismen ved fakultetet for kunst i Sofia. Han fór fyrst til Praha, og dinest til Wien og Genève. Jeanne-Claude møtte Christo i 1958 i Paris, då han måla portrett av familien hennar. Dei vart saman, og fekk eitt barn saman i mai 1960, og to år seinare vart Christo og Jeanne-Claude gift. I 1964 flytta familien til USA. Kort tid før dei fyrste møta hadde Christo eksperimentert med å pakka inn tomme målingspann med stoff og tau. Noko som skulle verta hans hovudsaklege arbeidsform og det kunsteriske særmerket hans.
Frå 1994 nytta paret offisielt begge namna saman, med like rettar til verka deira. Sponsorar og bidrag fra offentlege middel vart nekta av begge kunstnarane, som finansierte kunsten sin utelukkande ved å selja skisser.
Jeanne-Claude døydde i 2009 av ein hjerneaneurisme. Christo døydde i New York den 31. mai 2020 av naturlege årsaker.
«L'Arc de Triumphe, Wrapped» Før Christo døydde, i 2020, ba han teamet sitt om å fullføra prosjektet, som hadde vore paret sitt ynske, om å pakka inn Triumfbogen. Prosjektet stod klart året etter, og var synleg frå og med 18. september til 3. oktober 2021. Han var pakka inn med 25 000 kvadratmeter sylvblå resirkulert polypropylen festa med 3 000 meter langt raudt tau.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Christo e Jeanne-Claude» frå , den 21. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Jordkunst Kategori:Kunstnargrupper og kollektiv Kategori:USA-amerikanske kunstnarar