Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet er eit teater- og konserthus på Odderøya i Kristiansand.
Organisasjonen Kilden teater og konserthus for Sørlandet er organisert ved at fire institusjonar er fusjonerte inn i verksemda: Kristiansand Symfoniorkester, Kilden Teater, Kilden Opera og Kilden Kultur. Kilden består av eit fullt symfoniorkester, eit regionteater, ein regionopera og kommunal kulturhusdrift, og kompetansesenter for medskapande kunst, Kilden Dialog. Kilden er eit av dei største husa i landet for scenekunst og musikk.
Huset blei bygd og er eigd av selskapet «Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet IKS», med Kristiansand kommune (60 %), Agder fylkeskommune (37 %) og Grimstad kommune (3 %) som eigarar. Selskapet blei skipa i 2003, og namnet fastsett i 2006.
Bygget venstre|mini|Kilden konsert- og teaterhus Arbeidet på bygget byrja i 2007, og kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen i 2009. Opninga fann stad 6. januar 2012. Arkitekt var finske ALA Architects i samarbeid med SMS arkitekter frå Kristiansand, og AF-gruppa var hovudentreprenør. Bygget har eit bruttoareal på 16 000 kvadratmeter og eit volum på 128 000 kubikkmeter. Ved bygget låg museumsskipet DS «Hestmanden» fortøytt i ein periode etter at skipet kom ut av dokk i 2011. Kong Harald vitja skipet og møtte fleire krigsseglarar hausten 2011.
Salar Bygget har fire salar: Konsertsalen med 1 185 sitteplassar Teater & operasalen med 708 sitteplassar, orkestergrav med plass til 70 musikarar Multisalen med 234 sitteplassar eller 400 ståplassar Intimsalen med 150 sitteplassar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kilden teater- og konserthus» frå , den 26. desember 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2012 Kategori:Teater i Noreg Kategori:Kultur i Kristiansand Kategori:Byggverk i Kristiansand Kategori:7°E Kategori:58°N