Atacama-regionen (spansk Región de Atacama) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar dei tre provinsane Chañaral, Copiapó og Huasco. Han grensar til Antofagasta-regionen i nord, til Coquimbo-regionen i sør og til Argentina i aust. Copiapó er hovudstad og største byen i regionen, han ligg 801 km nord for Santiago. Andre vektige byar inkluderer Vallenar, Caldera og Chañaral.

Kjelder

Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Atacama Region» frå , den 4. januar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Chile