Corcovadofjorden eller Corcovadobukta (spansk Golfo Corcovado) er eit delvis innelukka havområde mellom den chilenske øya Chiloé i vest og fastlandet i aust, begge sider i Los Lagos-regionen i Chile. Fjorden går i nord-sør retning i ei tilnærma rektangulær form med i ei lengd på ca. 90 km, (50 nm) og ei breidde på ca. 46 km. I sør grensar Corcovado-fjorden mot Boca del Guafo, eit breitt sund eller havområde som leier ut mot Stillehavet. I nord grensar han mot Ancudfjorden, der Corcovado-fjorden snevrar inn til Apiaosundet, ca. 10 km brei mellom austlege Chiloé-øyane og Desertoresøyane.
Corcovado-fjorden utgjer ein del av skipsleia frå Stillehavet i sør inn mot den sentrale havbukta Seno de Reloncavi (Reloncavibukta) i Los Lagos med regionhovudstaden Puerto Montt.
Ei nordleg og kortare lei frå Stillehavet til Seno de Reloncavi går gjennom den 2,2-5 km breie Chacaokanalen nord for Chiloé-øya.
Kjelder
Denne artikkelen er dels basert på «Golfo Corcovado» frå , den 30. januar 2023
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjordar i Chile Kategori:Geografi i Los Lagos-regionen