Reloncavífjorden (spansk: Fiordo de Reloncaví, ofte Estuario de Reloncaví) er ein fjord i det sørlege Chile. Han ligg aust i Llanquihue-provinsen som er ein del av Los Lagos-regionen. Fjorden har utlaup i austsida av Reloncavíbukta, han har først eit austleg laup innover, og bøyer nordasutleg og nærmare nordleg retning. Totallengda av fjorden er ca. 55 km eller 30 nm.

I fjordbotnen finst store avleiringar frå fleire elver, den største er Petrohué-elva som startar med utlaupet av Lago Todos los Santos. Ei anna elv, Pueloelva, fører vatn frå mellom anna Puelosjøen i Argentina og tømmer seg omtrent halvvegs inne i og på austsida av Reloncavífjorden.

Området har klima med stor nedbørsmengd, årleg mellom 3300 og 4500 mm.

På vestsida, omtrent 15 km ut frå fjordbotnen inn i fjorden, ligg Canutillar vasskraftverk. Fjorden blir nytta både til båttransport, turisme og vassport, og til lakseoppdrett og havbruk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fiordo de Reloncaví» frå , den 5. februar 2023. Google Earth

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjordar i Chile Kategori:Geografi i Los Lagos-regionen