Krithovudbrillefugl (Zosterops leucophoeus) er ein fugl i brillefuglfamilien av ordenen sporvefuglar.Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, D. Roberson, T. A. Fredericks, B. L. Sullivan, and C. L. Wood (2015) The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 2015 http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download, henta 2015-08-11
Skildring Utsjånad og læte Krithovudbrillefuglen er ein ganske stor og kraftig brillefugl. Han er for det meste lys med kvitaktig hovud og gråbrunt på vengene og halen. Han sest ofte saman med principebrillefugl, men denne er litt mindre og mykje mørkare. Blant lydane er lys skravling, framført i flokkar, og ein gjenteken "tsit-tit-cher-it-it" som song.
Utbreiing og systematikk Fuglen finst berre på øya Príncipe i Guineabukta. Han blir handsama som monotypisk, det vil seie at han ikkje er delt inn i nokon underartar.
Tidlegare vart han plassert i slekta Speirops saman med artane kvitpannebrillefugl, brunbrillefugl og svartkronebrillefugl. Genetiske studiarMoyle, R.G., C.E. Filardi, C.E. Smith, and J. Diamond (2009a), Explosive Pleistocene diversification and hemispheric expansion of a “great speciator”, Proc. Natl. Acad. Sci. 106, 1863-1868. viser likevel at dei dels er innebygde i den store slekta Zosterops, og dels at dei ikkje er kvarandres næraste slektningar. I dag er dei vanlegvis inkludert i Zosterops.Rasmussein P & D Donsker (Eds). 2020. IOC World Bird List (v10.1). doi : 10.14344/IOC.ML.10.1.
Levesett Krithovudbrillefuglen sest i skog og plantasjar i små til store grupper. Han følgjer ofte med i flokkar av blanda artar.
Status Krithovudbrillefuglen har eit svært lite utbreiingsområde og bestandsutviklinga er uklår. Han blir likevel ikkje rekna som trua. IUCN kategoriserer arten som livskraftig. Bestanden er berekna til mellom 4300 og 8200 vaksne individ.Birdlife International 2019 Zosterops leucophoeus Frå: IUCN 2019. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2019.3. Henta 11. februar 2023
Kjelder
Denne artikkelen er ei omsetting av «Silverglasögonfågel» frå , den 11. februar 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Brillefuglfamilien