Ledaal er ein herregard som ligg på Eiganes i Stavanger. Han vart bygd som ein sumarbustad og lystgard for Kiellandfamilien i perioden 1799 til 1803. I dag er Ledaal ein del av Museum Stavanger, i tillegg til å fungera som kongebustad.
Soge Byggherren og eigaren var kjøpmann og hoffagent Gabriel Schanche Kielland og kona hans Johanna Margaretha Bull. Alexander Kielland var oldebarn til Gabriel og Johanna.
Namnet «Ledaal» er sett saman av den siste bokstaven i kvart av namna Gabriel, Schanche, Kielland, Johanna, Margaretha og Bull.
Ledaal vert stundom omtala som ein kunstnarheim av di slektstilknytinga eigarane har til forfattaren Alexander Kielland.Hilde Diesen. Dikterhus. Tell forlag, 1994. (bokhylla.no – fulltekst) Kielland var ofte gjest hjå slektningane sine, og han brukte huset, familien og omgangskretsen dens som modellar i fleire av verka sine. Han budde likevel aldri her.
Eigedomen var tidlegare kjend under namna Egenes løkke B1 og Canaen før han fekk namnet Ledaal.Jan Hendrich Lexow: Ledaal en barokkbygning med nyklassiske detaljer, Stavanger Aftenblad, 1964.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ledaal» frå , den 26. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
Ledaal på nettsida til Museum Stavanger AS
Kategori:Kulturminne i Stavanger Kategori:Museum i Stavanger Kategori:Freda bygg i Rogaland