Betty Boothroyd () var ein britisk politikar for Det britiske arbeidarpartiet. Ho vart vald til ordstyrar i Underhuset i 1992, som den fyrste kvinna som hadde dette vervet. Ho vart erstatta av Michael Martin i 2000. Boothroyd vart seinare baronesse (som life peer) av Sandwell og medlem av Overhuset, der ho sat som partiuavhengig.
I 2019 støtta Boothroyd krav om ny folkeavrøysting om Brexit.
Boothroyd var utdanna dansar og medverka ein periode i eit danseensemble. Betty! A Sort of Musical med og av Maxine Peake, som bygde laust på livet hennar, hadde premiere i 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Betty Boothroyd» frå , den 1. mars 2023.
Kategori:Britiske arbeidarpartipolitikarar