Ingrida Šimonytė () er ein litauisk økonom, universitetslærar og politikar for Tėvynės sąjunga. Ho er statsminister i Litauen frå 24. november 2020.

Liv og virke Šimonytė var finansminister frå 2009 til 2012. I 2013 vart ho vald som nestleiar av den litauiske sentralbanken, men gjekk av då ho i 2016 vart vald som representant i det litausike parlamentet, Seimas.

Ingrida Šimonytė var kandidat ved presidentvalet i Litauen i 2019, der ho tapa i andre valomgang for Gitanas Nausėda. Ho posisjonerte seg før valet som ein politikar av «klår tale», og hadde oppslutnad særleg blant unge, urbane veljarar. Utanrikspolitisk stod ho for ei fortsetjing av politikken til avtroppande president Dalia Grybauskaitė, særleg med omsyn til å vise ei fast haldning mot Russland.

Tėvynės sąjunga vann valet i oktober 2020, og Šimonytė vart fremja som statsministerkandidat i ei koalisjonsregjering danna av Tėvynės sąjunga, Lietuvos Respublikos Liberalų sąjūdis og Laisvės partija. Šimonytė tiltredde som statsminister 24. november 2020.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingrida Šimonytė» frå , den 6. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Litauiske statsministrar Kategori:Litauiske politikarar Kategori:Litauiske økonomar Kategori:Folk frå Vilnius