Roselauk (Allium carinatum) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien. Arten er heimleg i Europa.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og trekkplante for bier. Arten vart funnen forvilla i 1857, men deretter var det ingen funn før i 1993. No er han kjend frå Osloområdet. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO), oppgradert frå ingen kjend risiko (NK) i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Laukslekta