Anne Sewitsky () er ein norsk regissør, fødd i Oslo og oppvaksen i Stavern, med slektsrøter frå Farsund og USA.

Liv og virke Sewitsky er utdanna ved Den norske filmskolen i 2006. Kortfilmen hennar Oh My God! vann prisen for beste kortfilm i Generation Kplus under Filmfestivalen i Berlin.

Sewitsky regisserte fire episodar av NRK-serien Himmelblå i fyrste sesong, og var medregissør for NRK-serien Koselig med peis saman med regissørane og manusforfattarane Daniel Voldheim og Thomas Seeberg Torjussen.Peiskos starter TV-året . Avisa Glåmdalen, 30. desember 2010. Besøkt 2. oktober 2016.

I januar 2011 vann Sewitsky «World Cinema Grand Jury Prize, Dramatic» under Sundance filmfestival for komedien Sykt lykkelig (Happy Happy). Dette er den fyrste norske spelefilmen som har vunne ein Sundance-pris.Norges første Sundance-pris Sykt lykkelig vart vald til norsk kandidat til Oscar-prisen den 1. september 2011.Sykt lykkelig er Norges Oscar-kandidat, Norsk filminstitutt 01.09.2011

I februar 2011 hadde Sewitsky sin spelefilm Jørgen + Anne = sant verdspremiere under Filmfestivalen i Berlin, som opningsfilm i Generation-programmet. Dette var fyste gongen at ein norsk spelefilm hadde fått æra av å opne Generation-programmet.Anne Sewitskys nye film åpner barnefilmkonkurransen i Berlin, Norsk filminstitutt 09.02.2011 For filmen vann ho prisen beste nyskapar under Kanonprisen 2011 og var også nominert i klassen beste regi både under Kanonprisen og Amandaprisen 2011.

Prisar og nominasjonar «World Cinema Grand Jury Prize, Dramatic» under Sundance filmfestival 2011 Nominert til Kanonprisen 2011 i klassen beste regi for Jørgen + Anne = sant Kanonprisen 2011 i klassen beste nyskapar for Jørgen + Anne = sant Nominert til Amandaprisen 2011 i klassen beste regi for Jørgen + Anne = sant Oslo bys kunstnerpris 2012 Nominert til Kanonprisen 2015 i klassen beste manus for De nærmeste (saman med ) Edith Carlmar-prisen for 2015Edith Carlmar-prisen til Anne Sewitsky

Filmografi 2006 – (Kortfilm) 2008 – (Kortfilm) 2008 – Himmelblå (TV-serie) 2010 – Sykt lykkelig (Spelefilm) 2011 – Koselig med peis (TV-serie) 2011 – Jørgen + Anne = sant (Spillefilm) 2012 – Helt perfekt (TV-serie) 2015 – De nærmeste (Spelefilm) 2018 – Sonja (Spelefilm) 2019 – Black Mirror (TV-serie)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anne Sewitsky» frå , den 10. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Anne Sewitsky hos Internet Movie Database Anne Sewitsky hos Filmdatabasen Anne Sewitsky hos The Movie Database

Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Vinnarar av Kanonprisen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Larvik