Hageiris (Iris ×germanica) er ei plante i sverdliljeslekta i sverdliljefamilien. Denne gruppa av hybridar, som òg er kalla I. ×cultorum, kjem frå Sør-Europa. Foreldreartane er I. pallida og skjeggiris (I. pallida × I. variegata).
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart først funnen forvilla i 1975 og er bufast spreidde stader på Austlandet og i kyststrøk til Agder, vidare meir spreidd til Trondheim. I Framandartslista 2023 er han registrert med låg risiko (LO).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sverdliljeslekta