Helene Weber () var ein tysk politikar for Zentrum, og seinare CDU. Ho deltok i utforminga av både Weimarforfatninga frå 1919 og den tyske grunnlova av 1949 (Grundgesetz). Weber var blant dei fyrste kvinnelege karrierepolitikarane under Weimarrepublikken og Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland).

Biografi Weber vart fødd som det andre av seks barn i familien til folkeskulelæraren Wilhelm Weber og Agnes Christiane van Gent.

Etter utdanninga som lærar var Weber aktiv i katolske kvinneforbund og velgjerdsorganisasjonar. Ho arbeidde for kvinnedeltaking i alle samfunnsområde. I 1919 vart ho konsulent og frå 1920 til 1933 fekk ho eige embete (Ministerialrätin) i sosialdepartementet i Preussen. Weber vart dimed den andre kvinna, etter Gertrud Bäumer, som fekk eit høgt embete i den prøyssiske forvaltninga. I 1933 vart ho oppsagd av politiske grunnar.

Weber var medlem av det prøyssiske parlamentet frå 1921 til 1924 og av den tyske riksdagen frå 1924 til 1933. Ho tala mot Hitlers fullmaktslov i 1933, men vart ved den avgjerande avrøystinga pressa til å røyste med fraksjonen. Ho mista plassen sin i riksdagen og arbeidde seinare i ulike religiøse velgjerdsorganisasjonar.

Weber var overtydd om den samfunnsmessige solidariteten. Dette medførte at ho gjekk inn for å oppheve arbeidsforholdet til tyske kvinner i statsforvaltinga etter at dei hadde gifta seg. Ho støtta også sparepolitikken til rikskanslar Brüning, som førte til fattigdom og elende for mange menneske.

Etter andre verdskrigen var Weber medlem av rådet for den britiske okkupasjonssona. I 1948 deltok ho i utforminga av den nye tyske grunnlova, blant anna som medlem av Det parlamentariske rådet. I arbeidet med grunnlova gjekk ho mot ei «skjematisk» likestilling mellom kvinner og menn, og i tillegg ville ho bevare «eigenverdien» (Eigenwert) til kvinner. Samstundes gjekk ho inn for å slå fast retten til lik løn for likt arbeid. Frå 1949 til 1962 var ho medlem av Forbundsdagen.

Weber vart rekna som den mest innverknadsrike kvinna i Unionen (CDU/CSU). Weber var medlem av Vestunionens forsamling og frå 1950 til 1958 medlem av styret i Ligaen for katolske kvinneforbund. Frå 1952 var ho leiar av rådet for den tyske helsetenesta for mødrer (Deutsche Müttergenesungswerk).

Då Konrad Adenauer i 1961 innsette Elisabeth Schwarzhaupt som den fyrste kvinnelege statsråden, var det etter sterkt påtrykk frå Weber.

Ettermæle Weber vert rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte å vere blant dei viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.

Bildegalleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helene Weber» frå , den 11. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Zentrum-politikarar Kategori:CDU-politikarar Kategori:Medlemmar av Riksdagen (Weimarrepublikken) Kategori:Medlemmar av Det parlamentariske rådet Kategori:Medlemmar av Forbundsdagen Kategori:Folk frå Wuppertal