Ellen Winther Lembourn () var ein dansk operasongar (sopran) og skodespelar.
Bakgrunn Winther var dotter av kjøpmannen Laurits Sørensen og kona hans Esther. Systera hennar er utdanna fiolinist og har vore tilsett i Det Kongelige Kapel.
Winther vart utdanna som musikkpedagog frå Jydsk Musikakademi i 1955 og to år seinare frå Det Kongelige Teater som operasongar. Same år debuterte ho som Cherubino i Figaros Bryllup.
I perioden 1957–1987 var Winther tilsett som operasongar ved Det kongelige Teater, der ho også hadde fleire roller i skodespel. Parallelt med dette hadde ho fleire gjesteframsyningar, blant anna ved Den Jyske Opera og i 1964 ved operaen i Kiel. I dei fyrste åra av karrieren song ho ei rekkje subretteroller. Seinare fekk ho mulighet til å utfalde seg i koloraturfaget, blant anna som Adele i Flaggermusen og Violetta i La Traviata.
Med sitt allsidige song- og skodespelartalent opparbeidde Winther seg etter kvart eit stort publikum, ikkje minst gjennom sine mange framsyningar i film og på tv (oprettane Jomfruburet, Flaggermusen og Valsedrømmer), i revy (Cirkusrevyen 1974) og musikalar som Sound of Music og Skaf mig en tenor.
I 1962 vann Wither Dansk Melodi Grand Prix med songen «Vuggevise». I den internasjonale finalen i Luxembourg enda ho som nummer 10 av 16 deltakarar.
I fjernsynsserien Matador spela Winther rolla som Minna Varnæs.
I 1968 mottok Winther Elisabeth Dons Mindelegat og i 1996 Olaf Poulsens Mindelegat. 19. desember 1983 vart ho utnemnd til riddar av Dannebrogordenen.
Frå 1960 til 1966 var Ellen Winther gift med pianisten John Winther, og paret fekk to barn. Ho var gift med forfattaren og politikaren Hans Jørgen Lembourn frå 1973 til han døydde i 1997.
Filmografi Filmar 1959: Tornerose, stemme 1959: De sjove år 1965: Landmandsliv 1968: I den grønne skov 1975: Sønnen fra Vingården 1976: Kassen stemmer 1984: Midt om natten 1987: Kampen om den røde ko 1988: Jydekompagniet 1988: Min skygge, novellefilm 1995: Kun en pige
TV-produksjonar 1959: Jomfruburet 1967: Valsedrømmer 1968: Flaggermusen 1969: En nat i Venedig 1976: Barselstuen 1978: Matador 1986: Jul på Slottet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ellen Winther Lembourn» frå , den 14. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Ellen Winther Lembourn hos Internet Movie Database Ellen Winther Lembourn hos Svensk Filmdatabas Ellen Winther Lembourn hos Filmdatabasen Ellen Winther Lembourn hos DanskeFilm.dk Ellen Winther Lembourn hos The Movie Database Ellen Winther Lembourn hos Danske Filmstemmer Ellen Winther Lembourn hos Discogs Ellen Winther hos Discogs Ellen Winther Lembourn hos MusicBrainz
Kategori:Danske songarar Kategori:Danske operasongarar Kategori:Danske skodespelarar Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1962-deltakarar Kategori:Folk frå Aarhus