Laura Farnsworth Dogu () er ein amerikansk forfattar og diplomat som er ambassadør for USA i Honduras. Ho har tidlegare vore ambassadør for USA i Nicaragua under Obama-administrasjonen.Ambassador U.S. Embassy, Nicaragua, lest 11. april 2016

Liv og virke Bakgrunn Dogu er dotter av ein sjøoffiser.Statement of Laura F. Dogu Nominee for U.S. Ambassador to Nicaragua Senate Foreign Relations Committee 15. juli 2015 Senate Foreign Relations Committee, 15. juli 2015 Ho tok B.A., B.B.A. (1985) og M.B.A. (1989) frå Southern Methodist University i Dallas. Ho tok seinare ein M.S. frå Dwight D. Eisenhower School for National Security and Resource Strategy i 2007.

Karriere Dogu byrja karrieren som marknadsrepresentant for IBM, der ho arbeidde i fem år.

Etter at Dogu byrja i utanrikstenesta, vart ho konsulæroffiser ved ambassaden i San Salvador i 1991. Ho gjorde deretter teneste som konsulær og politisk offiser ved den amerikanske ambassaden i Tyrkia. Tilbake i Washington, D.C. i 1996 vart ho tildelt operasjonssentralen i utanriksdepartementet. Eit år etter vart ho stabsassistent i Bureau of Consular Affairs. Internasjonale oppdrag følgde i Egypt, Tyrkia og Mexico. Då ho vart nominert av president Obama til å bli ambassadør i Nicaragua, var ho chargé d'affaires ved ambassaden i Mexico by.

Dogu er også forfattar. Saman med Taylor Larimore, Mel Lindauer og Richard Ferri er Dogu medforfattar av The Bogleheads' Guide to Retirement Planning. Ho er ein av leiarane for nettbaserte Bogleheads (www.bogleheads.org).How Much Do You Need for Retirement? The Morning Star, 5. januar 2011It's All About Your Asset Allocation Forbes, 23. desember 2009

Ambassadør til Nicaragua Den 13. mai 2015 nominerte president Barack Obama Dogu til ambassadør til Nicaragua. Det vart hlade høyringar for utanrikskomitéen i Senatet om nominasjonen hennar 15. juli 2015. Den 29. juli 2015 rapporterte komiteen positivt om nominasjonen til Senatet. Dogu vart stadfesta av heile Senatet ved munnleg akklamasjon 5. august 2015.

Ambassadør i Honduras Den 5. november 2021 nominerte president Joe Biden Dogu til ambassadør til Honduras. Det vart halde høyringar for Foreign Relations Committee den 8. februar 2022. Komiteen rapporterte positivt om nominasjonen hennar til Senatet 8. mars 2022. Heile Senatet stadfesta Dogu ved munnleg akklamasjon 10. mars 2022. Ho kom til Honduras 6. april 2022, og presenterte sine akkreditiv til den honduranske presidenten Xiomara Castro de Zelaya den 12. april.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laura Farnsworth Dogu» frå , den 16. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske ambassadørar Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Amerikanske diplomatar Kategori:Folk frå Texas