Kyrsten Lea Sinema () er ein amerikansk politikar som har representert Arizona i det amerikanske senatet sidan 2019. Ho representerte Demokratane frå 2004, og har sidan desember 2022 vore uavhengig.

Liv og virke Bakgrunn Sinema vart fødd i Tucson i Arizona i 1976. Foreldra hennar skilde seg då ho var barn. Då stefaren hennar mista jobben sin, budde familien i tre år i ein forlaten bensinstasjon i Florida utan innlagt vatn eller elektrisitet. Sinema vart oppdregen som medlem av Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage.

Utdanning Sinema vart uteksaminert som toppstudent da ho var 16 år og avla kandidateksamen frå Brigham Young University i 1995 då ho var 18 år. Ho forlet mormonkyrkja etter eksamen fra BYU. Sinema avla mastereksamen i sosialt arbeid ved Arizona State University i 1999. I 2004 vart ho Doctor juris og i 2012 tok ho filosofisk doktorgrad same staden.

Karriere Sinema var sosialarbeidar frå 1995 til 2002. I 2000 jobba ho med presidentkampanjen til Ralph Nader. Ho var tilsett som assisterande professor ved Arizona Summit Law School. Sinema vart deretter forsvarsadvokat i 2005.

Toppolitikken Sinema var medlem av det amerikanske representanthuset frå 2013 til 2019. Ho vann senatsvalet i Arizona i 2018 for å erstatte Jeff Flake. Ho er den fyrste kvinnelege senatoren frå Arizona, den fyrste opne biseksuelle personen vald til det amerikanske senatet og den andre opne LHBTQ-personen nokonsinne i senatet, etter Tammy Baldwin. Sinema er den fyrste demokraten som er vald til det amerikanske senatet frå Arizona sidan Dennis DeConcini i 1988.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kyrsten Sinema» frå , den 18. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside Offisiell nettside Kyrsten Sinema i det biografiske kartoteket til den amerikanske kongressen Kyrsten Sinema hos Internet Movie Database

Kategori:USA-amerikanske sosialarbeidarar Kategori:USA-amerikanske advokatar Kategori:Senatorar i USA Kategori:Politikarar i Det demokratiske partiet i USA Kategori:Senatorar for Det demokratiske partiet i USA Kategori:Uavhengige medlemmar av Representanthuset i USA Kategori:Uavhengige politikarar frå Arizona Kategori:USA-amerikanske politikarar frå 2000-talet Kategori:Folk frå Tucson