Laudal er ei grend i Lindesnes kommune i Agder. Laudal er eige sokn og var eigen kommune frå 1899 til 1964. Soknet tilsvarar den tidlegare kommunen.

Samfunn I Laudal sentrum ligg Laudal barnehage. Ved sida av barnehagen ligg Laudal skule. Skulen er ein fådelt barneskule. Det betyr at klassane er fortrinnsvis kvar for seg i basisfaga; rekning, norsk og engelsk. I dei andre faga er klassane saman på tvers av klassetrinn. Skulen har òg SFO.

Laudal kommune Kommunen blei oppretta i 1899 då han blei skilt ut frå Øyslebø og Laudal kommune; den tidlegare kommunen var 250 km² og hadde 1827 innbyggarar då han blei delt.

I 1964 blei Laudal slått saman med Øyslebø, bortsett frå Brunvatne; Bjelland, bortsett frå Ågedal/Midtbø; den nye kommunen fekk namnet Marnardal. Ved samanslåinga var Laudal kommune 93 km² og hadde 560 innbyggarar.

Laudal kyrkje Laudal kyrkje er ei krosskyrkje i tre som blei bygga i 1826. Kyrkja har 300 sitteplassar. ingen|mini|Laudal kyrkje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laudal» frå , den 19. mars 2023.

Litteratur

Johs Sætherskar: Det Norske næringsliv. 15 : Vest-Agder fylkesleksikon, Bergen 1953 Vigleik Leira: Ordlaging og ordelement i norsk, Oslo 1992. Alf Henry Rasmussen (1993). «Laudal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 464. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff

Laudal på norgeskart.no Om Laudal på Store norske leksikon Om Laudal skule på minskole.no. Om laudal barnehage på minskole.no Kategori:Historie i Lindesnes Kategori:Marnardal Kategori:Marnardal kommune Kategori:Kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Norske kommunar skipa i 1899 Kategori:Busetnader i Lindesnes Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:7°E Kategori:58°N