Hanna Isaachsen () var ein norsk barnepsykolog, forfattar, redaktør og kvinnesaksaktivist. Ho var ein periode styremedlem i Norsk Kvinnesaksforening og leiar av Kvindernes Vælgerforening. Ho var også den fyrste norske kvinna til å vere ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting.
Familie Hanna Isaachsen var dotter av kommandør Isak Tobias Isaachsen (1834–1893) av slekta Willoch og Fredrikke Andrea Rude. Ho blei gift 7. desember 1882 i Kristiansand"Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7RK-2MJ : 20 February 2020), Hanna Isaachsen in entry for Einar Isaachsen, 1882. med broren til faren, jarnbaneingeniøren Einar Isaachsen Willoch (1841–1921), som også var bror av målaren Olaf Isaachsen. Dei var foreldre til blant andre marineoffiseren Odd Isaachsen Willoch (1885–1940), og besteforeldre til politikareb og statsministeren Kåre Isaachsen Willoch, høgsterettsadvokat og luftfartsdirektøren Erik Isaachsen Willoch (1922–1991) og ingeniøren Jan Isaachsen Willoch (1924–2001).
Liv og virke I oktobernummeret av tidsskriftet Husmoderens i 1898 blei lesarane oppfordra til å skrive om sine erfaringar med oppsedinga av gutar. Isaachsen skreiv fleire artiklar om emnet, og i 1900 samla ho desse i utgjevinga Vore gutter – om opdragelse, som vart gjeven ut på Aschehoug.
Isaachsen var ein aktiv kvinnesaksforkjempar, med styreverv i Norsk Kvinnesaksforening og leiarverv i Kvindernes Vælgerforening og i Norske Kvinners Nasjonalråd. Ho stilte som delegat for foreininga ved fredskongressen i Haag i 1919. Ho var involvert i Norges fredsforening, og redaktør for foreininga sitt magasin Folkefred. Isaachsen var medlem i Oslo Kvinneparti, og involvert i Kvinderness læseværelse i Drammen.
I 1906 var Isaachsen den fyrste norske kvinna som var ordførar for Lagretten ved eit lagmannsting. I 1915 var ho medlem av den norske delegasjonen til kongressen Internasjonal kvinneliga for fred og fridom.
I 1920 gav Isaachsen ut romanen Blodets baand.
Bibliografi 1900: Vore gutter – om opdragelse, Aschehoug, Kristiania 1920: Blodets baand, Steen, Kristiania/København
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hanna Isaachsen» frå , den 19. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Lokalhistoriewiki.no: slekten Willoch, besøkt 27/3 2020.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Horten