Simen Fougner () var ein norsk jurist, banksjef og politikar, fødd i Follebu og busett på Lillehammer. Stortingsrepresentant 1922-24 for Frisinna Venstre.

Fougner slo seg til på Lillehammer, der han var gift, og praktiserte som overrettssakførar frå slutten av 1890-åra. I tillegg engasjerte han seg i bankverksemd, var frå 1913 til 1939 administrerande direktør i Lillehammer Sparebank.

Fougner kom tidleg med i styringa av Lillehammer by. Såleis var han ordførar for Lillehammer 1900–01, 1911–12 og 1914–16. Sidan representerte han kjøpstadene i Hedmark og Oppland på Stortinget 1922-24, og var vararepresentant til Stortinget periode 1925-27. Han var vald inn for Frisinna Venstre, eit parti som hadde statsministeren i 1923/24.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Simen Fougner» frå , den 21. mars 2023.

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Ordførarar i Lillehammer Kategori:Norske juristar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Gausdal Kategori:Folk frå Lillehammer