Tysk filosofi handlar om filosofiske emne, personar, saker og ting som byggjer på tysk språk og tradisjon. Ein må forstå begge termane i brei forstand. Den tyske filosofien er ein del av vestleg filosofi, og høyrer særleg til kontinental filosofi.
Kjenneteikn Tyskspråkleg filosofi har hatt tyding siden mellomalderen, men den avgjerande innverknaden stammar frå tida frå 1600-talet og framover.
Den tyske filosofien har hovudsakleg bestått av akademisk fagfilosofi, som er teoretisk.Lübcke, Poul (1982): Vor tids filosofi. Engagement og forståelse. Politiken Viktige filosofiske retningar som fenomenologi og hermeneutikk stammar frå den tyske fagfilosofien.
Dessutan er den tyske filosofien òg blitt direkte praktisert utanfor dei reint teoretiske universitetsrammene innan blant anna filosofisk pedagogikk, eksistensiell psykiatri og eksistensiell terapi. Den tyske filosofien har òg blitt funnen heilt utanfor dei akademiske rammene som eksistens- og livsfilosofi. Marxismen er ei anna praktisk retning som har hatt ein stor innverknad i heile verda.
Nytid mini|Leibniz si framstilling av universet danna som ein komninasjon av dei fire elementa til Aristoteles. På 1600-talet prøvde den tyske filosofen Gottfried Leibniz å sameina vitskap og religion i ein heilskap. Han er kjend som ein forkjempar for rasjonalismen.
Den kanskje best kjente tyske filosofen er Immanuel Kant. Han fekk avgjerande tyding for moralfilosofi og erkjenningsteori.Kant, Immanuel (2007): Prolegomena til enhver fremtidig metafysik, der skal kunne fremtræde som videnskab. Det lille Forlag. Oversat af Claus Brat Østergaard Ikkje minst gjennom dei tre hovudverka Kritikk av den rene fornuft, Kritikk av den praktiske fornuft og Kritikk av dømmekraften.Pedersen, Esther Oluffa & Per Jepsen & Carsten Friberg (red)(2007): Kants kritik af dømmekraften. Philosophia Kant skreiv blant mykje anna òg om pedagogikkKant, Immanuel (2012): Om pædagogik. Klim. Oversat af Bengt Moss-Petersen, filosofisk antropologiKant, Immanuel (2015): Hvad er mennesket? Information. Oversat af Claus Brat Østergaard. og historiefilosofi.Kant 2017
Moderne tid
Tysk idealisme og marxisme Den tyske filosofien er særleg kjend for den tyske idealismen og marxismen, som på trass av skilnadene sine hadde eit felles utgangspunkt. I 1800-talet fekk den tyske idealismen stor tyding, ikkje minst gjennom åndsfilosoffen G.W.F. Hegel.Hegel 2004Jørgen Huggler 2019Wolsing 2019Hegel 2005 Ifølgje denne var røynda uttrykk for ein altomfattande fornuft og altså for noko åndeleg. Det var denne fornufta som bestemde til utviklinga av historia. Andre viktige namn var Johann Gottlieb Fichte,Fichte 2005 Friedrich Schleiermacher og Friedrich Schelling.Schelling, Friedrich (2013): Filosofiske undersøgelser om den menneskelige friheds væsen og de dermed sammenhængende genstande. Philosophia; Schelling, Friedrich (201X): Om den nyere filosofis historie. München-forelæsninger. Philiosophia; Schelling, Friedrich (2021): Den transcendentale idealismes system. Philosophia. Forord og oversættelse ved Ulf Houe og Lasse Posborg Michelsen
Karl Marx grunnla ein meir politisk filosofi, som motsett framheva den historiske materialismen. Han er opphav til marxismen, og er særleg kjend for verket Kapitalen. Marx var inspirert av Hegel, men meinte at samfunnet utvikla seg gjennom klassekampen, som ville enda med eit kommunistisk samfunn. Marx fekk stor tyding for praktisk politikk over heile verda.
Livsfilosofi Med Arthur SchopenhauerArthur Shopenhauer 2005 tok utviklinga i ei meir livsfilosofisk retning.Shopenhauer, Arthur (2020): Kunsten at være lykkelig. InformationShopenhauer, Arthur (2010): Kunsten altid at få ret. Information Ifølgje Schopenhauer er viljen den avgjerande drivkrafta bak alt levande. Det medfører at livet i sitt djupaste vesen alltid er liding, ettersom livsviljen alltid er bak den tilsynelatande harmonien.
Schopenhauer var ein inspirasjon for Friedrich Nietzsche,Hultberg, Helge (1963). Nietzsche. Munksgaard som likevel enda med å gå sine eigne vegar.Ole Morsing 2008Peter Thielst 1999Helge Hultberg 1963 Nietzsche kritiserte heile den europeiske rasjonalismen og la vekt på ei meir direkte livsutfolding.Nietzsche 2014 Han tok avstand frå den akademiske fagfilosofien, som han meinte var blitt for teoretisk og hadde fjerna seg frå det konkrete livet. Nietzsche var òg kjend for kritikken sin av kristendommen, som han meinte ganske enkelt var blitt erstatta av vitskap og ideologi uten at det skapte forbetringar.
Den tyske filosofen Wilhelm Dilthey grunnla ein meir akademisk livsfilosofi som var basert på hermeneutikk. Ifølgje Dilthey er mennesket eit historisk vesen med eit liv ein må forstå med hjelp frå åndsvitskap snarare enn naturvitskap. Mennesket er nemleg ikkje berre eit naturvesen.
Fenomenologi og hermeneutikk mini|Skulptur av Edmund Husserl i Prostějov i Tsjekkia. Fenomenologien og hermeneutikken er to av dei meste viktige retningane i tysk filosofi. Den tyske matematikaren og fagfilosofen Edmund Husserl grunnla ved overgangen til det 1900-talet den moderne fenomenologien.Zahavi, Dan (2001): Husserls fænomenologi, Gyldendal, Dette er ein filosofi om opplevingane til medvitet.Husserl 2019; 2019; 2019 Ifølgje Husserl måtte ein studera medvitet kvalitativt og på ein annan måte enn naturvitskapane gjorde.
Ein kjend kristen feministisk fenomenologisk filosof var Edith Stein, som var knytt til Husserl. I 1942 blei ho arrestert og send til gasskammeret i Auschwitz. I 1987 blei ho helgenkåra.
Fagfilosoffen Martin Heidegger fekk stor tyding på 1900-talet.Olesen, Søren Gosvig: Vejledning til Heidegger (1990, 2. udg. 2013) Syddansk UniversitetsforlagWentzer, Thomas Schwartz & Peter Aaboe Sørensen (red) (2008): Heidegger i relief. Klim Han var elev av Husserl, og grunnla den eksistentielle fenomenologien med verket Sein und Zeit.Heidegger 2014 Her såg han på tilværet ut frå eksistensen til til mennesket. Seinare endra han prosjektet sitt i ei meir historisk retning.
Innan fagfilosofien blei Heidegger blant anna ein viktig inspirasjon for Hans-Georg Gadamer, som vidareutvikla den filosofiske hermeneutikken.Gadamer, Hans-Georg 2004 : Sandhed og metode, Aarhus: Systeme AcademicGrøn 2009 Dette er ei fortolkingslære der det særleg blir lagt vekt på horisonten for forståing.
Dasein-analyse, logoterapi og sokratisk dialogmetode På 1930-talet integrerte Ludwig Binswanger fenomenologien og eksistensfilosofien i psykiatrien, og utvikla ein eksistenspsykiatri med namnet dasein-analyse. Tilsvarande integrerte den austerrikske legen og filosofen Viktor Frankl filosofien i psykoterapien, og utvikla logoterapien.Frankl, Viktor (2002). Psykologi og eksistens. Gyldendal Her er det eit fokus på livsmeining.
Den tyske filosofen Otto Bollnow brukte innsikter frå eksistensiell filosofi til å utarbeida ein nyare eksistensiell pedagogikk, der det er eksistensensom er i fokus for oppseding og danning.Bollnow, Otto (1987): “Zwischen Philosophie und Pädagogik, Vorträge und Aufsätze”. Weitz, AachenBollnow, Otto (1973): “Philosophisches paedagogik”. De GruyterBollnow, Otto (1959): “Existensphilosophie und pedagogik”. Kohlhammer Bollnow la blant anna vekt på den pedagogiske tydinga av møtet. Dessutan framhevar han korleis livet krev val.
Den sokratiske dialogmetoden blei gjenoppdaga av den tyske filosofen Leonard Nelson i 1922.Leonard Nelson, 1922/29, Die Sokratische Methode, VOL Her blir dialogen brukt til å nå fram til svar på spørsmål. Metoden blir gjerne brukt i filosofisk undervising og filosofi med barn.
Antroposofi mini|Utviklinga til menneskja ifølgje Rudolf Steiner. Den austerrikske filosofen Rudolf Steiner er kjend som grunnleggjar av antroposofien, ei filosofisk rørsle som har spreidd seg til heile den vestlege verda.Johannes Hemleben 1984 Han bygger på at mennesket er eit åndeleg vesen, som i heilskap består av lekam, sjel og ånd. Gjennom antroposofien blir enkeltmennesket oppfordra til å søkja åndelig erkjenning.
Antroposofien har gitt inspirasjon til ei rekke praktiske livsområde. Steinerpedagogikk blei såleis grunnlagt av Steiner som eit uttrykk for den åndelege filosofien hans i praksis.Rudolf Steiner 1971Steiner, Rudolf (1981): “The Education of the Child”. RS PressSteffens, A. (1923). Fra barn til voksen - Fra et kursus for lærere afholdt af Rudolf Steiner, Dornach, Julen 1921-22.Kristiania: Vidars ForlagSteinar 1919; 1922; 1926; 1947Steiner 1981https://waldorfcurriculum.com/FREE/THE%20EDUCATION%20of%20the%20child.pdf Retninga blir òg kalla Waldorf-pedagogikk. Han har lagt grunnlaget for utviklinga av eit verdsomspennande system med over 1100 skular og over 2000 barnehagar i over åtti ulike land.
Guenther Wachsmuth var ein annan tidleg antroposof som mellom anna skreiv om det eteriske.
Feministisk filosofi I Tyskland blei den feministiske filosofien for alvor grunnlagd på 1960-talet, då Karin Schrader-Klebert gav ut eit skrift om kulturrevolusjonen til kvinnerørsla. Sidan har den feministiske filosofien fått stadig større tyding i den tysktalande verda.
Ifølgje den tyske filosofen Ruth Hagengruber har bidraga til kvinner blitt haldne ute av filosofihistoria, og må innsetjast i forteljinga om utviklinga til filosofien att. Hagengruber byrja Libori Summar School og er skaparen av Encyclopedia of Concise Concepts of Female Philosophers, som ho er sjefredaktør for saman med Mary Ellen Waithe.Encyclopedia of Concise Concepts by Women Philosophers - History Of Women Philosophers Forskinga hennar er vigd til revisjonen av den patriarkalske historie, særleg til gjenoppdaging av kvinner sine bidrag til til filosofihistoria og økonomihistoria, med fokus på sirkel- og universalitetsbasert økonomi som ein tilgang til inklusiv økonomisk etikk.Pietsch, W. (2017). Berechenbarkeit der Welt?. Wiesbaden: Springer. pp. 333–343.
Antje Schrupp er ein tysk statsforskar og forfattar som i 2004 gav Antje ut Gutes Zusammenleben im ausgehenden Patriarchat saman med Dorothee Markert, Ina Praetorius og andre. Teksten går inn for ei grunninntekt som er uavhengig av prestasjonar.Gutes Leben – Sinnvolles Zusammenleben im ausgehenden Patriarchat Sidan har ho fleire gongar uttalt seg for ei ubetinga borgarløn. Ho har også uttalt seg om religiøse emne, og meiner at Gud bør framstillast som ei kvinne.Revolution ǀ Mutter unser — der Freitag
Språkfilosofi Den tyske filosofen Gottlob Frege fekk tyding for språkfilosofien. Sentralt i det språkfilosofiske arbeidet til Frege står verket Über Sinn und Bedeutung. I dette innfører han ein distinksjon mellom referanse, som er det objektet eit namn viser til, og meining, som er måten namnet gjev referansen uttrykk.
Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein var inspirert av Frege, og fekk ei endå større tyding for moderne språkfilosofi. Ifølgje den seinare filosofien hans må ein forståa språk praktisk som språkspel. Han var særleg oppteken av etikk og religion.
Frankfurtarskulen mini|Kunstverket Adorno-Denkmal i Frankfurt. Frankfurtarskulen var ein kritisk sosialfilosofi som i byrjinga omfatta fagfilosofiske samfunnskritikarar som Max Horkheimer, Theodor W. Adorno, Herbert Marcuse, Walter Benjamin og Erich Fromm. Retninga blir òg kalla kritisk teori og la vekt på å skildra det normative grunnlaget for at ein kan kritisera samfunnet. I byrjinga var Marx ein viktig inspirasjon, men ein tok avstand frå den austeuropeiske kommunismen.