Sigrun Hoel () er ein norsk jurist, statstenestekvinne og organisasjonsleiar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1984 til 1988 og var fungerande likestillingsombod i 1984, 1988 og 1991.

Liv og virke Hoel blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1977 og arbeidde deretter i Trygderetten. Ho blei tilsett hos Likestillingsombodet frå etableringa i 1979, og var med å byggje opp institusjonen. Ho var nestleiar hos Likestillingsombodet i store delar av ombodsperiodane til Eva Kolstad og Ingse Stabel. Ho var fungerande likestillingsombod i 1984, deretter i 1988 mellom Kolstad og Stabel sine ombudsperioder, og igjen i 1991.«Likestilling og omvalg», Aftenposten, 2. november 1984«Dårlige soningsforhold for kvinner i norske fengsler», NTB, 17. juli 1991

Hoel kom med i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) som 25-årig jusstudent i 1976. Ho var leiar i det største lokallaget i organisasjonen, Oslo Kvinnesaksforening, i fire år, før ho i 1982 etterfølgde Anne Kari Lande Hasle som 1. nestleiar på nasjonalt plan. I 1984 etterfølgde ho seinare høgsterettsdommar Karin Bruzelius som NKF-leiar. NKF markerte hundreårsjubileet sitt på landsmøtet der ho blei vald til leiar. Dei to forgjengarane hennar var den fyrste og andre kvinnelege departementsråden i Noreg.

Hoel blei seinare høgskolelektor i juss ved Høgskolen i Oslo og Akershus.Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 273–274), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952 Ho var norsk representant i planleggingskomiteen for Nordisk Forum i 1988.«Bredt opplegg for kvinnemøte», Aftenposten, 2. januar 1988 Ho var også medlem av Utvalet for menneskerettar.Forvaltningsdatabasen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sigrun Hoel» frå , den 23. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Presentasjon på sidene til Høgskolen i Oslo

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske lektorar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Høgskolen i Oslo og Akershus Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Folk frå Bergen