mini|Graf over Dunning-Kruger-effekten.
Dunning-Kruger-effekten er ein kognitiv bias – tankefeil eller vinkla røyndom – der personar som manglar kunnskapar og har dårlege evner på sosiale eller intellektuelle område, feilaktig overvurderer desse eigenskapane og evnene hjå seg sjølv. Motsett får han også dei intelligente til å undervurdera sine eigne evner. Til dømes kan ein over- eller undervurdera evnene sine i turn eller matematikk. Fenomenet fekk namnet sitt etter dei to amerikanske psykologane David Dunning og Justin Kruger som i ein artikkel i Journal of Personality and Social Psychology i 1999, skildra korso «dei som er inkompetente vil ha lita innsikt i sin eigen inkompetanse». I ettertid har mange andre også teke i bruk og skildra denne effekten.
Bakgrunn Menneske har ein tendens til å ha ei overdriven sjon på sine eigne evner på mange sosiale og intellektuelle område. Dunning og Kruger meinte dette skulda delvis at personar som var inkompetente på desse områda, også mangla metakognitive evner til å forstå at dei var sosialt og intellektuelt inkompetente. Igjennom fire studiar fann Dunning og Kruger ut at deltakarane som tilhøyrde dei nedre 25 % på humor-, grammatikk- og logikktestar, grovt overvurderte testresultata og evnene sine.
Fleire analysar har knytt denne feilvurderinga til defektar i dei metakognitive evnene hjå deltakarane eller kapasiteten til å skilja presisjon frå feil. Når deltakarane i studiane fekk auka sosiale og intellektuelle evner, auka også deira metakognitive evner. Dette var med på å hjelpa deltakarane å sjå avgrensingane i eigne evner.
Effekten fekk namnet sitt frå Justin Kruger og David Dunning som forska på effekten. Dei kom fram til tesane sine ved forsking ved Cornell University i New York City i 1999.
Definisjon I 2011 skreiv David Dunning om personar som har liten kompetanse, og som ikkje vedgår det sjølv etter å ha teke feil mange gongar, framleis meiner at dei har gode resultat. Dunning definerte denne effekten som: «dei som er inkompetente vil ha lita innsikt i sin eigen inkompetanse og dette har vorte kjent som Dunning-Kruger-effekten». I 2014 skildra Dunning og Helzer korso Dunning-Kruger-effekten viste at personar med dålege resultat, ikkje var i stand til å kjenna igjen at prestasjonane deira ikkje strakk til.
Utmerkingar I år 2000 vart Dunning og Kruger tildelt den satiriske Ig Nobelprisen i psykologi for rapporten sin «Unskilled and Unaware of It: How Difficulties in Recognizing One's Own Incompetence Lead to Inflated Self-Assessments».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dunning-Kruger-effekten» frå , den 27. mars 2023.
Litteratur Justin Kruger, David Dunning: «Unskilled and unaware of it. How difficulties in recognizing one's own incompetence lead to inflated self-assessments», i Journal of Personality and Social Psychology (77), 6, 1999, s. 1121–1134. D. Dunning, C. Heath, J. M. Suls: Flawed self-assessment: Implications for health, education, and the workplace.I: Psychological Science in the Public Interest. Bind 5, 2004, s. 69–106. D. Dunning, K. Johnson, J. Ehrlinger, J. Kruger: Why people fail to recognize their own incompetence. i: Current Directions in Psychological Science. Bind 12, 2003, s. 83–87. J. Ehrlinger, K. Johnson, M. Banner, D. Dunning, J. Kruger: Why the unskilled are unaware: Further explorations of (absent) self-insight among the incompetent. I: Organizational Behavior and Human Decision Processes. Bind 105, 2008, s. 98–121. J. Ehrlinger, D. Dunning: How chronic self-views influence (and potentially mislead) estimates of performance. i: Journal of Personality and Social Psychology. Bind 84, 2003, s. 5–17. Mark Benecke: Lachende Wissenschaft: aus den Geheimarchiven des Spaß-Nobelpreises. Bastei Lübbe, 2005, ISBN 3-404-60556-X, s. 185–190.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Psykologi