Lars Roar Bohinen () er ein norsk fotballtrenar og -spelar har vore. Bohinen deltok åra 1989-99 i 49 landskampar for Noreg og skåra 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994. Bohinen var vekselvis midtbane- og vengspelar.
Klubbspel Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.
Landslagsspel Bohinen fekk sin landslagsdebut som innbyttar 25. oktober 1989 i ein bortekamp mot Kuwait. Han vert særleg hugsa for skåringa som sikra Noreg sigeren 2-0 over England i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 2. juni 1993. Under VM i fotball 1994 i USA tok Bohinen del i alle Noregs tre kampar, i den siste var han innbyttar. I 1995 valde han å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot franske prøvesprengingane i Stillehavet. Etter 1996 fekk Bohinen berre 2 landskampar, og han fekk ikkje plass i troppa til VM i fotball 1998. Avskjeden med landslaget kom som innbyttar 27. mars 1999 i Aten, ein kamp som enda med norsk siger 2-0.
Merittar Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Blackburn Rovers
Klubbkampar KlubbKampar*Mål*Periode Bærum201986 Lyn2031987 Vålerenga3351988-1989 Viking1001990 Young Boys5861990-1993 Lillestrøm (lån)1911993 Nottingham Forest6471993-1995 Blackburn5871995-1998 Derby5611998-2001 Lyngby2602001-2002 Farum202002 Vålerenga612003 * Berre seriekampar.
Bohinen har vore trenar for ei rad fotballag, sjeldan utan suksess. Han er fetter til Sigurd Rushfeldt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lars Bohinen» frå , den 10. juli 2024.
eu-football
Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Bohinen, Lars Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Bohinen, Lars Bohinen, Lars Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar