Eyvind Hellstrøm () er ein norsk kokk og programleiar. Han vart fyrst kjend igjennom restauranten «Bagatelle», dernest frå fjernsynsprogrammet Hellstrøm rydder opp. Hellstrøm har gjeve ut ei rekkje kokebøker.

Karriere Hellstrøm byrja som lærling ved Grand Hotell i Oslo i 16-årsalderen. I 1970 fór han på studietur til Frankrike. Så yrkte han på restauranten til Hroar Dege – «Tre Kokker», og var med i Kokke-OL. Dernest tok han fleire lengre studieopphald i Sveits og Frankrike før han returnerte til Noreg i 1981.

Saman med Ole Peter Rostad tok han over serveringsstaden til Edmund Jaquet «Jaquets Bagatelle» i Bygdøy allé, han opna att med namnet «Bagatelle» i oktober 1982. Etter å ha vorte utropt til Årets kjøkkensjef i 1983, var Hellstrøm med i NRK-programmet Fjernsynskjøkkenet den 7. juni 1984. I 1984 fekk restauranten sin fyrste Michelinstjerne, vidare i 1992 oppnådde han to. Etter ei usemje med hovudeigar Christen Sveaas, sa Hellstrøm opp stillinga si desember 2009, og restauranten vart stengd i eit års tid.

Fjernsyn I 2008 fekk han sitt eige kokkeprogram på TV3 kalla Hellstrøm rydder opp. Programmet var ein fornorska versjon av Kitchen Nightmares med Gordon Ramsay og gjekk over fleire sesongar. Frå 2012 til 2013 leidde han det uhøgtidelege kokkeprogrammet Hellstrøm inviterer, og i 2016 leidde han Hellstrøms kjøkken (begge på TV3). I 2017 var han aktuell med Truls á la Hellstrøm på TV 2. I denne reiseserien fór han med komikaren Truls Svendsen verda rundt i jakta på lokale gastronomiske spesialitetar. Programmet handla òg om at Hellstrøm skulle læra Svendsen å laga mat, medan Svendsen tok Hellstrøm med på ymse aktivitetar.

Hellstrøm har òg vore jury i den norske versjonen av kokkeprogrammet MasterChef.

I 2012 var han med i slektsgranskingsprogrammet Hvem trur du at du er? på NRK.

Prisar og utmerkingar mini|Eyvind Hellstrøm på tur på Bygdøy i Oslo.

Årets kjøkkensjef – 1983 for virket sitt ved «Bagatelle» Kokke-OL i Erfurt Deltakar i 1972 saman med Arvid Skogseth frå «Tre Kokker». I juryen 1988 Bocuse d'or 5. plass 1989 med «Tourte de pommes de terre et langouste en civet» og «Selle d'agneau aux herbes et julienne de légumes aux truffes fraîches» (langustar og lam) i juryen sidan 1993 Oslo bys kunstnerpris – 1998 André Enghs gullnål – 1999 Riddar av Den nasjonale fortenstorden, Frankrikes nest høgaste orden, 2003. Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, 2007. Riddar av den franske Æreslegionen – den høgaste utmerkinga i Frankrike, tildelt for innsatsen sin for internasjonal kokkekunst, 2007. Gullruten 2009. Vann som «beste mannlige programleder» (Hellstrøm rydder opp). Gullruten 2019: Truls à la Hellstrøm vann prisen for beste underhaldning.

Verk Bagateller (2000). Eyvind Hellstrøm (2002). Enkelt og perfekt. Bagateller for alle. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm (2003). Gode adresser. Europa rundt med ganen som veiviser. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm og Tore Stubberud (2004). Herregårdsmat. Valdisholm forlag.  Eyvind Hellstrøm (2005). Bagateller for livsnytere. Vin og mat i magisk kombinasjon. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm (2006). Lutefisk, pinnekjøtt og andre bagateller. Pantagruel forlag.  Anne-Kat Hærland og Eyvind Hellstrøm (2007). Inn med sølvskje. Bagatellemat gjort forståelig. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm (2009). Verdens beste. Med verdens beste kokker og verdens beste laks. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm (2009). Enkle og perfekte menyer. Pantagruel forlag.  Eyvind Hellstrøm og Ingrid Espelid Hovig (2010). Ingrid og Eyvinds livretter. Versal forlag.  Eyvind Hellstrøm, Tom Victor Gausdal og Jan Vardøen (2010). Hvordan bli en Masterchef. Press forlag.  Eyvind Hellstrøm (2010). Bagatelle. Hellstrøms siste måltid. Aschehoug forlag.  Eyvind Hellstrøm og Jan Hellstrøm (2011). Iskremfabrikken. Brødrene Hellstrøms beste desserter. Aschehoug forlag.  Eivind Hellstrøm (2012). Hellstrøm Jr. Aschehoug forlag. Eyvind Hellstrøm (2013). Bare mat frå mitt kjøkken. Gursli Berg forlag. Eyvind Hellstrøm og Kristin Jacobsen (2014). Duft av jul. En kjøkkenhåndbok for juletiden. Gursli Berg forlag. Eyvind Hellstrøm og Truls Svendsen (2017). Truls á la Hellstrøm. Mesterkokk på 1-2-3. Kagge forlag. Eivind Hellstrøm og Anita Rennan (2019). Bonjour Paris. Pilar forlag. Eivind Hellstrøm og Anita Rennan (2020). Hellstrøms hemmeligheter. Kagge forlag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eyvind Hellstrøm» frå , den 30. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vinnarar av Gullruten for beste programleiar Kategori:Æreslegionen Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske matskribentar Kategori:Norske kokkar Kategori:Folk frå Moss