«Country Road» er ein song skriven og framført av James Taylor. Han finst på det andre albumet hans frå 1970, Sweet Baby James. «Country Road» er òg med på James Taylor-plata Greatest Hits frå 1976. Songen har vorte spelt på dei fleste av konsertane hans sidan 1970. Randy Meisner, som seinare var med i Eagles, spelte bass på albumversjonen.

Bakgrunn Sangen vart inspirert av Somerset Street i Belmont i Massachusetts, ein skogkledd veg som går ved sida av tomta til McLean Hospital der Taylor hadde lagt seg sjølv inn i 1965 for å få behandling for depresjon. Venen til Taylor, Danny Kortchmar, sa om songen: «Country Road» fangar den rastlause, forventningsfulle, vagt håpefulle kjensla som speler ei stor rolle i karakteren til James og blir vist i «Carolina in my Mind,» «Blossom» og «Sweet Baby James». Vegen fører bort frå den omklamrande familien hans: «Mama don't understand it / She wants to know where I've been / I'd have to be some kind of natural-born fool to want to pass that way again.» (Mamma forstår det ikkje / Ho vil vita kvar eg har vore / Eg må vera ein slags naturleg fødd idiot for å vilja passera den vegen igjen). Det tek han også bort frå knuste forhold, førebuande skular, mentale institusjonar—alle slags feller og nedturar. Ferdig ventar fridom og eit ideelt liv i Carolina, og «ein himmelsk gjeng med englar.».

Forfattaren James Perrone seier at temaet for «Country Road» er lykka og fridommen ved å vera åleine. Han noterte at temaet einsemd dukkar opp på andre songar på Sweet Baby James, inkludert tittelsporet og «Sunny Skies.» «Sunny Skies vart også gitt ut som b-siden av singelen «Country Road». Ifølgje Allmusic-kritikaren Ronnie D. Lankford jr. markerte «Country Road» «perfekt overgangen mellom 60- og 70-talet.» «Dette er fordi teksten antydar at det er på tide at dei som er lei av å prøva og løysa alle problema i verda, overlèt dei til Jesus og går bort på eiga hand». Lankford sa at «det enkle arrangementet» til songen, med akustisk gitar og «tilbakelent» vokal er godt tilpassa teksten. Musikkforfattar Barney Hoskyns kalla «Country Road» «ein perfekt destillasjon av den nye landlege stemninga» som hadde vorte populær på den tida.

Hitlistehistorikk Den nyinnspelte singelversjonen av «Country Road» vart spelt inn og miksa hos Crystal-sound 30. desember 1970 og gjeven ut på 7" vinyl i februar 1971. I 2003 vart singelversjonen inkludert på CD for første gong på samlealbumet You've Got A Friend: The Best Of James Taylor. «Country Road» nådde nummer 37 på Billboard Pop-lista og nummer 9 på Easy Listening-lista tidleg i 1971. På dei kanadiske hitlistene var songen ein større hit på både Pop (#19) og Adult Contemporary-listene (#3).

Liste (1971)PlasseringCanada RPM Top Singles19Canada RPM Adult Contemporary3U.S. Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 37U.S. Billboard Adult Contemporary9U.S. Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 20. mars 197125

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Country Road (James Taylor song)» frå , den 1. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:James Taylor-songar Kategori:Songar skrivne av James Taylor Kategori:Songar produserte av Peter Asher Kategori:Warner Bros. Records-singlar