Flekkmunkehette (Arum maculatum) er ei plante i munkehetteslekta i myrkonglefamilien. Arten kjem frå Europa og Nord-Afrika.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som første gong vart funnen i naturen i 1987. Arten er truleg bufast og er funnen i Lier, Kristiansand og Stavanger. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO), oppgradert frå utan kjend risiko (NK) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Munkehetteslekta