Dvergandemat (Lemna minuta) er ei plante i andematslekta i myrkonglefamilien. Arten er kjend frå Nord- og Sør-Amerika.

I Noreg er dvergandemat ein framandart som truleg er spreidd frå akvarium. Arten er kjend frå somme vatn i Osloområdet, der han veks i mengder, men kan vere mykje oversett. Arten var ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han teken med og registrert med låg risiko LO.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Andematslekta