Greatest Hits er den første samleplata til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor. Ho kom ut i november 1976. Så langt er dette det bestseljande albumet i karrieren hans.

Albumet vart til i samband med at platekontrakten til Taylor med Warner Records gjekk ut. Det inneheld nyinnspelte versjonar av «Carolina in my Mind» og «Something in the Way She Moves», som begge hadde vore på Taylor sitt sjølvtitulerte debutalbum i 1968. Plata inneheld òg ein tidlegare utilgjengeleg liveversjon av «Steamroller».

Albumet nådde ikkje høgare enn 23. plassen på Billboard-albumlista då det først kom ut. Likevel selde det jamt gjennom åra og Greatest Hits har selt over 11 millionar eksemplar, som tyder at det har selt til 11x platinaplate og eit diamantalbum (for 10 millionar eksemplar).

I august 2012 gjekk albumet på nytt inn på Billboard 200-lista, på 15. plassen, noko som var ny rekord for albumet.

Mottaking

Musikkritikaren William Ruhlmann gav albumet ei positiv melding, og skreiv for AllMusic at det utgjer ei «rimeleg samling for ein artist som ikkje var spesielt godt definert av singlane sine». Samtidig som han åtvara om at utgivinga ikkje heilt viste «utviklinga» av låtskrivinga til Taylor, uttalte han at det framleis er «eit godt utval» av det tidlege arbeidet til artisten.

Innhald Alle songane er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde.

Medverkande James Taylor – akustisk gitar, vokal Kenny Ascher – elektrisk piano (spor 8) Byron Berline – fele (spor 2) Michael Brecker – tenorsaksofon (spor 7) David Crosby – harmonivokal (spor 10) Nick DeCaro – orgel (spor 11) Craig Doerge – piano (spor 7) Dan Dugmore – pedalsteelgitar (spor 1, 2) Victor Feldman – klokkespel, vibrafon (spor 11) Andrew Gold – harmonium, korvokal (spor 2) Milt Holland – perkusjon (spor 10) Jim Keltner – trommer (spor 9) Carole King – piano, korvokal (spor 3–5) Danny Kortchmar – elektrisk gitar (spor 7, 9–10, 12); oppført som Danny Kootch - akustisk gitar, conga (spor 6) Russ Kunkel – trommer (spor 2–7, 10–12); congas (spor 6–7); cabasa (spor 6); tamburin (spor 9); shaker (spor 10) Gayle Levant – harp (spor 10) John London – bassgitar (spor 4) Rick Marotta – trommer (spor 8) Ralph MacDonald – perkusjon (spor 8) Clarence McDonald – piano (spor 2, 9, 12); Fender Rhodes piano (spor 9, 11); orgel (spor 11) Randy Meisner – bassgitar (spor 5) Joni Mitchell – korvokal (spor 6) Andy Muson – bassgitar (spor 8) Graham Nash – harmonivokal (spor 10) Gene Orloff – strykarar (konsertmeister) (spor 8) Herb Pedersen – korvokal (spor 1) Red Rhodes – pedalsteelgitar (spor 4) David Sanborn – saksofon (spor 9) Carly Simon – harmonivokal (spor 9, 11) Leland Sklar (oppført som «Lee» Sklar) – bassgitar (spor 1–2, 6–7, 9–12) David Spinozza – elektrisk gitar; akustisk gitar (spor 8) Bobby West (oppført Bobby «Wild Wild» West) – kontrabass (spor 3)

Salslister

Vekeslister Liste (1976–2020)PlasseringAustralian Albums (Kent Music Report)67

Årslister Liste (2020)PlasseringUS Top Rock Albums (Billboard)79

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits (James Taylor album)» frå , den 7. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum frå 1976 Kategori:James Taylor-album Kategori:Album produserte av Peter Asher Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Russ Titelman Kategori:Album produserte av David Spinozza Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders