miniatyr|Adriaen Brouwer, De rokers (1636).
Narkoman er eit forelda og nedsetjande ord om menneske med rusmiddelavhengnad. Ordet er avleidd frå gresk narke ('stivleik, lamming, kjensleløyse') og -mania, 'mani'.
Verdsorganisasjonen for helse (WHO) og det norske Helsedirektoratet tilrår å bruka uttrykk som «person med rusmiddelproblem» eller «person som er rusmiddelavhengig». I daglegtale blir dette ofte forkorta til «rusavhengig» eller helst «rusmiddelavhengig» (det er ikkje rus som blir brukt, men rusmiddel).
Eit nasjonalt forskingsprosjekt viser at nær halvparten av dei etterlatne etter narkotikarelaterte dødsfall har opplevd nedsetjande kommentarar om avdøde, og dessutan hadde 26 prosent av dei etterlatne høge symptom på forlengd sorg. Mange opplyser om å kjenna seg stigmatisert.
Ordet «narkoman» har inspirert andre ord som gjeld ei overdriven tiltrekking til noko, som «arbeidsnarkoman» og «treningsnarkoman».
Kjelder
Rus, rusmiddel, rusgift, misbruk og skadelig bruk. Språkspalten, Tidsskrift for Den norske legeforening Etterlatte ved narkotikarelatert død. END-prosjektet 2017, Høgskulen på Vestlandet
Denne artikkelen bygger på «Narkoman» frå , den 9. april 2023.
Bakgrunnsstoff Narkoman i Store medisinske leksikon Språk kan forsterke stigma – Anne Berit Bech, spesialrådgivar KORUS Øst
Kategori:Skjellsord Kategori:Greske ord og uttrykk Kategori:Avhengnad