høgre|mini|283x283pk|Dolgansk mann Dolganarar (; Dolgan: , , (Sakha); sakha ) er ei folkegruppe som hovudsakleg held til i Krasnojarsk kraj aust i Russland. Dei stammar frå fleire grupper, særleg evenkar, og er rekna som ei av dei små urfolksgruppene i Nord-Russland. Folketeljinga i 2010 talde 7 885 dolganarar. Av desse budde 5 517 i det tidlegare Tajmyr autonome okrug.

Det dolganske språket er dolgansk, som er nært i slekt med sakha. Folkegruppa tok i bruk eit tyrkisk språk ein gong etter 1700-talet. mini|Dolgansk kvinne i Dudinka.

Historie På 1600-talet heldt dolganarar til i områda kring elvane Olenjok og Lena. Dei flytta til det noverande området sitt, Tajmyr, på 1700-talet. Dolgansk identitet byrja å tre fram på 1800- og det tidlege 1900-talet, under påverknad frå tre grupper som flytta til Krasnojarsk-området frå Lena- og Olenjok-regionen: Evenkar, sakhafolk, enetsar og såkalla tundrabønder ().

Kultur og levesett Dolganarane levde opphavleg som nomadar som livnærte seg gjennom jakt og reindrift. Under sovjettida blei dei nøydde til å bli bufaste og skipa kolkhozar (landbrukskollektiv) der dei i tillegg til den tradisjonelle levemåten dreiv med reinsdyravl, fiske, mjølke- og grønsakproduksjon.

Religion Mange dolganarar følgjer gamle sjamanistiske livssyn; men dei fleste er påverka av ortodoks kristendom.

Kjende dolganarar

Ogdo Aksionova, diktar, rekna som grunnleggjar av dolgansk skriftleg litteratur

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Métis» frå , den 13. april 2023.

Kategori:Folkegrupper i Russland