America er debutalbumet til America, gjeve ut i 1971. Det vart først gjeve ut utan «A Horse with No Name», som kom ut på singel seint i 1971. Då «A Horse with No Name» vart ein verdsomfattande hit tidleg i 1972, vart albumet gjeve ut på ny med dette sporet.

Albumet gjekk til topps på Billboard-lista i USA og heldt seg der i fem veker. Det inneheld to hitsinglar: «A Horse with No Name» låg tre veker på toppen av Billboard-lista i 1972 (og nådde tredjeplassen på Adult Contemporary-lista), og «I Need You» nådde nr. 9 på Billboard-lista og nr. 7 på AC-lista. Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «Sandman» (lenge rykta å vera om United States Navy VQ-2-skvadronen som tidlegare var basert i Rota i Spania) og «Three Roses». Albumet vart sertifisert platina av RIAA for sal på over ein million einingar i USA.

Mottaking

I AllMusic-meldinga kalla musikkritikaren David Cleary debutalbumet for ein «folk-pop-klassikar» og konkluderte: «Trass i manglane sine, er denne plata sterkt tilrådd.».

Innhald

Medverkande Frå baksida av vinylutgåva frå 1972.

America Dewey Bunnell – solo- og korvokal, 6-strengs akustisk gitar (utanom på «Here» og «Never Found the Time») Gerry Beckley – bass (utanom på «Three Roses» og «A Horse with No Name»), 6- og 12-strengs akustisk gitar (utanom på «Sandman», «I Need You» og «Pigeon Song»), solo- og korvokal (utanom på «Pigeon Song»), elektrisk gitar og klokker på «Clarice», piano på «I Need You» og «Clarice» Dan Peek – 6- og 12-strengs akustisk gitar (utanom på «A Horse with No Name», «I Need You», «Clarice» og «Pigeon Song»), solo- og korvokal (utanom på «Pigeon Song»), elektrisk gitar (på «Sandman», «Donkey Jaw» og «I Need You»), piano på «Never Found the Time», bass på «A Horse with No Name» og «Three Roses» med: Ray Cooper – perkusjon Dave Atwood – trommer på «Sandman», «Here», «I Need You» og «Donkey Jaw» Kim Haworth – trommer på «A Horse with No Name» David Lindley – elektrisk gitar på «Children», steelgitar på «Rainy Day»

Teknisk Ian Samwell – produsent Jeff Dexter – leiande produsent Ken Scott – lydteknikar Nigel Waymouth – fotografi og design Flash Fox – logo og grafikk

Salslister Liste (1971-1972) Plassering Australske album (Kent Music Report)3Den japanske albumlista (Oricon) 9 Spania (AFYVE) 6

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «America (America album)» frå , den 16. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:America-album Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Ian Samwell Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios