Vagabonds of the Western World er det tredje studioalbumet til det irske hardrockbandet Thin Lizzy, gjeve ut i 1973. Det var det siste albumet deira med den opphavlege gitaristen Eric Bell og det første med plateomslag av Jim Fitzpatrick, som laga alle dei gjenverande plateomslaga deira.
Mottaking
Pitchfork-meldaren Stuart Berman noterte korleis Thin Lizzy «byrja å sparka ut jammane med større sjølvtillit og konsistens» på dette albumet, med Lynott som produserte «lyden av ein andeleg drivande musikar som ekstatisk oppdaga sitt sanne kall». Den kanadiske journalisten Martin Popoff noterte den «skarpe lydkvaliteten og stilsøkjande eigenfatninga» til albumet inspirert av amerikansk blues til Motown, til tidleg metal. Han rekna Vagabonds of the Western World som det lågaste av alle Thin Lizzy sine album for fire spor som «verkar anten enkle og ukarakteristiske eller utdaterte», «med få spor av det førsteklasses Lizzy-avtrykket». Eduardo Rivadavia frå AllMusic skildra albumet som «full av haldning og farleg sjølvtillit», og Thin Lizzy sitt «første lydmessig tilfredsstillande album», med «The Rocker» som deira «første ekte klassikar». Han skildra «Little Girl in Bloom» som «absolutt feilfri», men kritiserte «The Hero and the Madman» og «Slow Blues» som høvesvis «overblåst» og «lunken».
Innhald
Då albumet kom ut på ny for CD i 1991, kom det med A- og B-sidene til to singlar som kom ut på den tida, «Whiskey in the Jar» var den første hitten deira.
Ommastra og utvida utgåve 11. oktober 2010 kom Vagabonds of the Western World ut som ei dobbel lukusutgåve. Denne versjonen var ommastra med bonusspor. Det originale albumet og bonusspor er på den første plata, medan den andre plata berre inneheld bonussongar.
Singlar «Whisky in the Jar» / «Black Boys on the Corner» – 3. november 1972 (Irish Singles Chart nr. 1, UK Singles Chart nr. 6) «Randolph's Tango» / «Broken Dreams» – 4. mai 1973 (Irish Singles Chart nr. 14) «The Rocker» / «Here I Go Again» – 9. november 1973 (Irish Singles Chart nr. 11) I Tyskland var B-side «A Ride in the Lizzy Mobile». «Little Darling» / «Buffalo Gal» – 11. april 1974 I USA var B-sida «The Rocker».
Medverkande Thin Lizzy Philip Lynott - vokal, bassgitar, rytmegitar, assisterande produsent Eric Bell – sologitar Brian Downey – trommer, perkusjon
Andre medverkande Kid Jensen – røyst på «The Hero and the Madman» Jan Schelhaas – orgel på «Mama Nature Said» og «The Hero and the Madman» Fiachra Trench – strykararrangement på «A Song for While I'm Away» og «Little Darling» Gary Moore - sologitar og akustisk gitar på «Sitamoia» og «Little Darling» Strings: Tony Harris – bratsj; Ian MacKinnon – fiolin; Don McVay – bratsj; Alan Merrick – fiolin; Paul Mosby – engelsk horn, obo; Peter Oxar – fiolin; Peter Poole – fiolin; Godfrey Salmon – fiolin; Alan Sloan – fiolin; Quentin Williams – cello
Produksjon Nick Tauber – produsent Derek Varnals, Alan Harris, John Fuller – lydteknikarar Alan Leaming, Dave Baker, Pete Swetenham – assisterande lydteknikarar Jim Fitzpatrick – plateomslag, design Rodney Matthews – design Mick Rock, John Thomson – fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vagabonds of the Western World» frå , den 22. april 2023.
Kategori:Thin Lizzy-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Decca Records-album Kategori:London Records-album