«Cowboy Song» er ein song av det irske hardrockband Thin Lizzy som opphavleg kom ut i 1976 på albumet deira Jailbreak.

Han vart gitt ut som singel i ein redigert versjon og nådde 77. plassen på dei amerikanske hitlistene, men fekk på den tida ikkje like mykje merksemd som to av dei mest populære songane på same album, «The Boys Are Back in Town» og «Jailbreak». Songen vart skriven av frontmannen Phil Lynott og trommeslagaren Brian Downey.

Teksten er skriven frå perspektivet til ein cowboy, og fortel om vandringa hans gjennom USA gjennom ulike eventyr og romansar. Songen byrjar med ei mjuk akustisk innleiing i country-stil før han går over i livleg hardrock.

«Cowboy Song» har sidan vorte skildra som ein av dei beste songane til Thin Lizzy fordi han har «ein av dei mest fengjande, mest minneverdige tvilling-gitarharmoniane nokon sinne».Mjølin, Eric (3. november 2010). The Great Songs: Thin Lizzy - The Cowboy Song. Scene-stealers.com. Henta 23. april 2023. AllMusic skildra songen som å gjera det vanlege til legende, eller å føra myten inn i den moderne verda.Thomas, Stephen (2015). Thin Lizzy - Jailbreak. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 23. april 2023. Forfattaren av Phil Lynott: The Rocker, Mark Putterford, skildra songen som «ei blanding mellom Clint Eastwood og Rudolph Valentino, med litt George Best kasta inn for å vere på den sikre sida».Putterford, Mark (1994; s. 114 & 115). Phil Lynott: The Rocker. Gitt ut av Castle Communications Plc, Storbritannia. . Rolling Stone-magasinet kalla songen «definitiv».Brackett, Nathan (2004, side 809 ). The New Rolling Stone Album Guide: Thin Lizzy. Henta 23. april 2023.

Med tida har han vorte ein fanfavoritt og ein av signatursongane til Thin Lizzy. Songen er no ein av deira mest populære og blir omtalt som ein klassikar.Prato, Greg (2015). Thin Lizzy - One Night Only. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 2016-01-26.

Bruk i media «Cowboy Song» vart brukt i filmen Eddie the EagleImdb.com. Eddie the Eagle Soundtrack. Henta 23. april 2023. då karakteren til Hugh Jackman, ein full Bronson Peary, skihoppar ned eit 90-meters hopp.Clarke, Donald (30. mars 2016). Eddie the Eagle review: Taron Egerton and Hugh Jackman nail the landing. Irish Times. Henta 2016-05-12. Songen vart òg brukt i den uavhengige filmen The Kings of Summer frå 2013 når hovudpersonen (Joe Toy) først syklar inn i skogen.IMDb. The Kings of Summer (2013) . Henta 2016-07-18.

Den autoriserte biografien om Phil Lynott, som kom i februar 2016, har tittelen Cowboy Song.Thomson, Graeme (2016). Cowboy Song: The Authorised Biography of Philip Lynott. Gitt ut av Hachette, Storbritannia.

Andre versjonar Dump gav ut ein versjon på studioalbumet A Grown-ass Man frå 2003. CMJ New Music Report kalla songen det beste sporet på plata.Maybe, Brad (14. april 2003; side 9). CMJ New Music Report. Henta 23. april 2023. Golden Smog gav ut ein versjon på sin fem-låtars EP On Golden Smog frå 1992.Ankeny, Jason (2016). Golden Smog: On Golden Smog. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 23. april 2023. Million Dollar Reload gav ut ein versjon på konsertalbumet As Real As It Gets frå 2014. PlanetMosh kalla songen eit flott val av cover og ein flott måte å avslutta konserten på.<ref>Farrell, David (7. januar 2014). [http://planetmosh.com/million-dollar-reload-as-real-as-it-gets/ Million Dollar Reload 'As Real As It Gets''']. PlanetMosh. Henta 23. april 2023.</ref> Anthrax gav ut ein versjon på utvalde singlar frå studioalbumet Sound of White Noise frå 1993, og som bonusspor på dei japanske og australske utgivingane til albumet. Supersuckers syng jamleg ein versjon på konsertane sine. Dei gav òg ut ein versjon i 2008 på albumet Get It Together (DVD [live] bonusplate).Music: Supersuckers.com Henta 2016-02-07.

Medverkande Phil Lynott – bass, vokal, akustisk gitar Scott Gorham – solo- og rytmegitar Brian Robertson – solo- og rytmegitar Brian Downey – trommer, perkusjon

KjelderDenne artikkelen bygger på «Cowboy Song (Thin Lizzy song)» frå , den 23. april 2023. oppgav desse kjeldene:''  

Kategori:Songar om cowboyar Kategori:Thin Lizzy-songar Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Phil Lynott Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Anthrax-songar