«Do Anything You Want To» er ein song av det irske hardrockbandet Thin Lizzy. Han var den andre singelen som vart gitt ut frå albumet Black Rose: A Rock Legend frå 1979. Han vart spelt inn i Pathe Marconi EMI Studios i Paris i Frankrike.Black Rose: A Rock Legend sleeve notes, Stuart Bailie, 1996.
Komposisjon Sangen opnar med ein trommebeat i afrikansk stil av Brian Downey – som gir plass til ein dobbeltgitarmelodi som er karakteristisk for harmonikken til Thin Lizzy.Ken Brooks, «Phil Lynott & Thin Lizzy: Rockin' Vagabond», Agenda, 2000, s.82–83. Teksten bruker rim og allitterasjon, som i dei tre første linjene som inneheld orda: «investigate», «insinuate», «intimidate», «complicate», «wait», «hesitate», «state», «fate» og «awaits.» Songen blir tona ut med vokalist Phil Lynott som imiterer Elvis Presley. Gitaristen Scott Gorham indikerte: «Eg trur han berre ville bruka den amerikanske aksenten sin der.»
Salsliste og video Singelen nådde 14. plassen på dei britiske hitlistene og heldt seg på listene i ni veker.Mark Putterford, «Philip Lynott: The Rocker», Castle, 1994, s. 179. Han nådde 25. plassen i Irland og låg på hitlista i to veker. Ein tilhøyrande video vart filma i Molineir Studios, regissert av David Mallet. Mallet sa at videoen kosta 12-15 000 pund å filma og la til: «Dei fleste opptaka eg gjorde med Lizzy på den tida varte berre ein dag - kanskje åtte eller ti timar med opptak.»Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004, s.111. Videoen var det første forsøket til bandet på ein kortfilm i staden for ein enkel video av ein bandopptreden. Videoen inneheldt Hot Gossip-dansarane Perri Lister, Dominique Wood og Carole Fletcher.
«Just the Two of Us» var B-sida til singelen og er ein Lynott/Gorham-komposisjon som ikkje vart inkludert på Black Rose-albumet. Han var berre tilgjengeleg som ein del av singelen fram til utgivinga av Vagabonds Kings Warriors Angels.
Seinare utgivingar Låten har vore med på fleire Thin Lizzy-samlealbum, m.a.: The Adventures of Thin Lizzy gitt ut i 1981, Dedication: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1991, og Wild One: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1996. Den vart seinare inkludert på boksen Vagabonds, Kings, Warriors, Angels i 2002, og dessutan Greatest Hits og Definitive Collection.
Medverkande Phil Lynott – bassgitar, solovokal Scott Gorham – sologitar Gary Moore – sologitar Brian Downey – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Do Anything You Want To» frå , den 25. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Thin Lizzy-songar Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Phil Lynott Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet