«Jack in the Box» ('troll i eske') er ein britisk popsong frå 1971. Songen vart skriven av John Worsley, mens David Myers skreiv teksten. Songen vart framført av den nordirske songaren Clodagh Rodgers, og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1971, der han enda på ein fjerdeplass.

Om songen 20. februar 1971 framførte Clodagh Rodgers seks songar i den nasjonale britiske finalen, A Song for Europe, som vart sendt i BBC1-serien It's Cliff Richard.

Rodgers vart vald av BBC til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1971, blant anna i eit forsøk i å lette spenninga mellom protestantane og katolikkane i Nord-Irland O'Connor, John Kennedy: The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books. Storbritannia. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3 Rodgers var sjølv frå Nord-Irland, som på denne tida var prega av eit valdeleg og anstrengd forhold mellom dei religiøse gruppene. Den internasjonale finalen skulle dessutan haldast i Dublin i Irland, og BBC frykta at den britiske representanten ville bli utsett for protestaksjonar. Rodgers har seinare hevda at ho mottok drapstrugslar frå IRA dersom ho representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest.

På grunn av streik i det britiske postverket røysta regionale juryar i den britiske finalen, og dei valde «Jack in the Box» som vinnar av den britiske finalen. Songen vart dimed det britiske bidraget til den internasjonale finalen 1971. Eurovision Song Contest 1971 var det fyrste året der kringkastarane måtte produsere førehandsvisningsvideoar til tevlinga. BBC brukte opptak frå den nasjonale finalen It's Cliff Richard.

I Eurovision Song Contest I Dublin vart «Jack in the Box» framført som det niande bidraget laurdag 3. april 1971, etter Monique Melsen frå Luxembourg med «Pomme, pomme, pomme», og før Lily Castel og Jacques Raymond frå Belgia med «Goeiemorgen, Morgen». Under framsyninga var Rodgers kledd i rosa, rysjete topp og paljett-hotpants.

I avrøystinga fekk «Jack in the Box» 98 poeng, og enda på fjerdeplass av 18 deltakarar.

Teksten Songen uttrykkjer songaren sine sterke kjensler overfor ein mann som behandlar ho som eit leiketøy, derav samanlikninga med eit troll i eske. Dersom han gjengjelder kjærleiken hennar, kjem ho til å sprette av glede – som eit troll i eske.

Songen vart brukt i fleire av sketsjane i Monty Python's Flying Circus-episoden Cycling Tour. Der trur ein skadd bilist at han er Clodagh Rodgers. Songen vart også spela på radioen under ei scene i Frankrike, og på slutten av episoden dansar to monster til songen i ein Terry Gilliam-animasjon.

Utgjevingar Clodagh Rodgers gav ut «Jack in the Box» på singelen RCA Victor 74-16066 i 1971. Singelen var arrangert og vart dirigert av Johnny Anthey.

Norsk versjon Arne Bendiksen har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Sim-sala-bim». Kirsti Sparboe gav den ut på singlen Triola TN 610 i 1971.

Listeplasseringar Liste (1971)HøgasteplasseringVekerpå listaDebutdato, Flandern (Ultratop)3710. april 1971, Flandern (Ultratop)36410. april 1971 (Irish Singles Chart)563. april 1971 (UK Singles Chart)41020. mars 1971 (Offizielle Deutsche Charts)3653. mai 1971

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jack in the Box (sang)» frå , den 2. mai 2023.

Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1971-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar