«Walk This Way» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler og Joe Perry. Songen var opphavleg gjeven ut som den andre singelen frå albumet Toys in the Attic (1975). Han nådde tiandeplassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1977, som ein del av ei rekkje suksessrike hittar for bandet i 1970-åra. I tillegg at songen vart eit gjennombrot for Aerosmith i 1970-åra, var han med på å revitalisere karrieren deira i 1980-åra då han vart spelt av hip hop-gruppa Run-D.M.C. (i samarbeid med Aerosmith) i 1986 på albumet deira Raising Hell. Denne versjonen var ein prøvestein for den nye musikalske undersjangeren rap rock, eller samansmeltinga av rock og hiphop. Det vart ein internasjonal hit og vann begge gruppene ein Soul Train Music Award for beste rapsingel i 1987. Begge versjonane er i Grammy Hall of Fame.
Produksjon Musikk Sangen startar med ein to taktars trommeintro av Joey Kramer, etterfølgd av eit gitarriff komponert av Joe Perry. Songen held fram med hovudriffet, med Perry og Brad Whitford på gitar og Tom Hamilton på bass. Teksten vert levert raskt av Steven Tyler.
I desember 1974 opna Aerosmith for The Guess Who i Honolulu. Under lydsjekken leika gitaristen Joe Perry med riff og tenkte på The Meters, ei gruppe gitaristen Jeff Beck hadde gjort han merksam på. Han elska «deira riffete New Orleans-funk», spesielt 'Cissy Strut' og 'People Say'», og han bad trommeslagaren «om å leggja ned noko flatt med ein groove på trommene». Gitarriffet til det som skulle bli «Walk This Way» berre «kom av hendene hans.» Han trong eit mellomspel og «spelte eit nytt riff og gjekk dit. Men eg ville ikkje at songen skulle ha ein typisk, keisam 1, 4, 5-akkordprogresjon. Etter å ha spelt det første riffet i C, skifta eg til E før eg gjekk tilbake til C for verset og refrenget. Ved slutten av lydsjekken hadde eg det grunnleggjande i ein song.»
Tekst Då bandkollega Steven Tyler høyrde Perry spela det riffet, «sprang han ut og sette seg bak trommisen og dei jamma.» Tyler scat-song «nonsensord i utgangspunktet for å kjenna kvar teksten skulle gå før eg la til teksten seinare.»
Då gruppa var halvvegs gjennom innspelinga av Toys in the Attic tidleg i 1975 på Record Plant i New York City, stod dei fast for materiale. Dei hadde skrive tre eller fire songar til albumet, og måtte «skriva resten i studio». Dei bestemde seg for å prøva songen Perry hadde komme opp med på Hawaii, men han hadde ikkje tekst eller tittel enno. Dei bestemde seg for å ta ein pause frå innspelinga, og bandmedlemmene og produsent Jack Douglas drog ned til Times Square for å sjå Mel Brooks-filmen Young Frankenstein. Då dei kom tilbake til studioet, lo dei av Marty Feldman som bad Gene Wilder om å følgja han i filmen, og sa «walk this way» og halta. Douglas foreslo dette som tittel på songen deira. Men dei trong framleis tekst.
På hotellet den kvelden skreiv Tyler teksten til songen, men la han igjen i drosjen på veg til studio neste morgon. Han seier: «Eg må ha vore stein. Alt blodet rann ut av ansiktet mitt, men ingen trudde meg. Dei trudde eg aldri kom til å skriva dei.» Opprørt tok han eit kassettband med instrumentalsporet bandet hadde spelt inn og ein berbar kassettspelar med hovudtelefonar og «forsvann ut i trappeoppgangen». Han «tok nokre blyantar», men gløymde å ta med seg papir. Han skreiv teksten på veggen i «toppetasjen av Record Plant og deretter ned nokre trappetrinn i baktrappa». Etter «to eller tre timar» sprang han «ned for å henta ei skriveblokk og sprang opp igjen og skreiv teksten ned.»
Perry syntest «teksten var så god» og sa at Tyler, som trommeslagar, «liker å bruka ord som eit perkusjonselement.» Han sa: «Orda må fortelja ei historie, men for Steven må dei òg ha ei spretten flytkjensle. Så søkjar han etter ord som har ei dobbel tyding, som kjem ut av blues-tradisjonen.»
Perry likte alltid å venta til Tyler spelte inn vokalen sin slik at han «kunne veva rundt vokalangrepet», men Tyler ville at Perry skulle spela inn først av same grunn. Etter ei «tautrekking» vart vokalen til Tyler spelt inn først med gitarsporet til Perry etterpå.
Teksten, som fortel historia om ein high school-gut som mistar jomfrudomen sin, blir sungen ganske raskt av Tyler, med stor vekt på rima (t.d. «so I took a big chance at the high school dance»).
Mellom dei detaljerte versa består refrenget hovudsakleg av ein repetisjon av «Walk this way, talk this way».
På konsertane fekk Tyler ofte publikum, kombinert med medlemmer av bandet, til å syngja «talk this way». Det er òg ein lang gitarsolo på slutten av songen, og på konsert harmoniserte ofte Tyler stemma si for å etterlikna lyden av gitaren.
Mottaking Cash Box sa at «vokalen til Steve Tyler er aggressiv, grynete og rett på medan han bokstaveleg talt spyttar ut ei rekkje ord sjølv om han aldri mistar klarheit» og at «musikken i seg sjølv er hardkokt rock.» Record World sa at «mønsteret som sende 'Dream On' opp på hitlistene er igjen i ferd med å bli etablert.» I 2022 vart han inkluderte i lista «The story of NME in 70 (mostly) seminal songs», som nummer 26.
Medverkande
Steven Tyler – solo- og korvokal Joe Perry – sologitar, slidegitar, talk box, korvokal Brad Whitford – rytmegitar Tom Hamilton – bassgitar Joey Kramer – trommer, triangel
Salslister
Vekeslister +Vekesliste av originalinnspelinga til AerosmithListe (1976–77)PlasseringAustralia (Kent Music Report)85Canada Top Singles (RPM)7US Billboard Hot 10010US Cash Box Top 1007
Årslister +Årsliste for 1977 for originalinnspelinga til AerosmithListe (1977)PasseringCanada Top Singles (RPM)77US Billboard Hot 10090US Cash Box72
Salstrofé
Ettermæle «Walk This Way» var ein av to hitsinglar frå bandet som nådde topp 10 på Billboard Hot 100 på 1970-talet, den andre var ei nyutgiving av «Dream On». «Walk This Way» bidrog likevel til at Toys in the Attic vart det bestseljande Aerosmith-albumet, og eit av dei mest kritikarroste. Versjonen til Aerosmith av «Walk This Way» konkurrerer ofte med «Sweet Emotion» og «Dream On» om tittelen som signatursongen til Aerosmith, og er ein av dei viktigaste, mest innverknadsrike og gjenkjennelege songane deira. Bandet utelèt han sjeldan frå konsertsettlista si, og framfører framleis den klassiske versjonen sin av songen den dag i dag. I 2009 vart han kåra til den åttande beste hardrocklåten i historia av VH1..
Fee Waybill, Steve Lukather, Tim Bogert og Tommy Aldridge spelte inn songen til hyllestalbumet Not the Same Old Song and Dance (Eagle Records, 1999).
Aerosmith referer til songen i teksten til «Legendary Child». Linja «I took a chance at the high school dance never knowing wrong from right» refererer til teksten frå høvesvis låtane «Walk This Way» og «Adam's Apple». Begge songane vart først gitt ut på albumet Toys in the Attic.
I 2019 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.
Run-DMC/Aerosmith-versjonen
I 1986 spelte hiphopgruppa Run-DMC «Walk This Way», i samarbeid med Aerosmith (med Steven Tyler og Joe Perry på høvesvis vokal og gitarar). Under arbeidet med Raising Hell trekte Rick Rubin fram Toys in the Attic. På konsertar hadde Run-DMC freestyla over dei første sekunda av songen på ein loop, utan å vita korleis heile songen høyrdest ut, eller til og med høyra teksten. Medan Joseph Simmons og Darryl McDaniels ikkje hadde noka aning om kven Aerosmith var på den tida, foreslo Rubin å spela inn songen på nytt. Verken Simmons eller McDaniels likte ideen, sjølv om Jam Master Jay var open for det. Dei ville ikkje at plata skulle givast ut som singel sjølv etter innspelinga med Tyler og Perry, og vart sjokkert då ho vart spelt på både urbane og rocka radiostasjonar. «Eg hadde aldri trudd at 'Walk This Way' skulle bli ein singel,» hugsar Rubin. «Ikkje at eg ikkje likte han, men eg tenkte ikkje i dei banane.» DMC kalla det «ein vakker sak» i ein trailer for Guitar Hero (Dette dukka seinare opp i ei scene frå filmen The Smurfs frå 2011). Denne versjonen av «Walk This Way» nådde høgare på Billboard Hot 100 enn originalen, med ein fjerdeplass, og vart den største hitten til Run-DMC. Det var òg ein av dei første store hiphopsinglane i Storbritannia, der han nådde åttandeplassen.
Cash Box kalla han «ein bråkete, sikker versjon av Aerosmith-klassikaren.»
Songen markerte eit stort comeback for Aerosmith, ettersom dei i stor grad hadde vore ute av mainstream popkultur i fleire år medan Tyler kjempa mot avhengnad og Perry og Brad Whitford var ute av bandet. Comebackalbumet frå 1985, Done with Mirrors, hadde heller ikkje innfridd dei kommersielle forventningane. Aerosmith følgde «Walk This Way» med fleire platina-album og Top 40-hittar, og starta med Permanent Vacation og hitten «Dude (Looks Like a Lady)» i 1987.
I 2008 vart «Walk This Way» rangert som den fjerde beste hiphopsongen gjennom tidene av VH1. Denne versjonen av songen er for tida rangert som den 148. beste songen gjennom tidene, og dessutan den nest beste songen i 1986, av Acclaimed Music.
Refrenget i Run-DMC-versjonen inneheld ei tonehøgdeveksling som Aerosmith tok i bruk i dei fleste framtidige konsertversjonane sine. I samarbeid seier den andre songaren ofte «talk this way» kvar anna linje i refrenget. Denne rap-stilen kan forklara kvifor songen fungerte så godt som hiphoplåt då han vart covra elleve år seinare.
Musikkvideo Videoen til «Walk This Way» frå 1986 plasserer symbolsk eit rockeband og Run-DMC i ein musikalsk duell i to nabostudio før Steven Tyler bokstaveleg talt bryt gjennom veggen som skil dei. Videoen går over i ei felles framferd på scena. Det svært populære resultatet vart den første hiphop-hybridvideoen som vart spelt i tung rotasjon på MTV og blir rekna som ein klassikar.
Videoen vart regissert av Jon Small og filma på Park Theater i Union City u New Jersey. Profile-medeigar Steve Plotnicki vende seg til Small for å regissera videoen, ettersom han hadde regissert ein annan video av ein svart artist som hadde slått gjennom på det då hovudsakleg kvite, rock-orienterte MTV, Whitney Houston sin «The Greatest Love of All». Small meinte at for at videoen skulle slå an på MTV, måtte han ha med Tyler og Perry: han utvikla konseptet med banda som spelte på kvar side av ein vegg som seinare vart broten. Budsjettet til videoen var beskjedne 67 000 dollar.
Bortsett frå Tyler og Perry er ingen av dei andre rockemusikarane i videoen Aerosmith-medlemmer; i staden vart dei spelte av Roger Lane, J.D. Malo og Matt Stelutto - høvesvis rytmegitarist, bassist og trommeslagaren i det stort sett ukjende hårmetal-bandet Smashed Gladys. Ifølgje VH1-programmet Pop Up Video hadde ikkje Run-DMC råd til å bruka heile Aerosmith-bandet, berre Tyler og Perry. Sidan berre Tyler og Perry hadde reist for å spela inn coverversjonen, var dei dei einaste Aerosmith-medlemmene som dukka opp, sjølv om heile bandet vart krediterte i nokre utgivingar av nyinnspelinga.Dette vart publisert i det brasilianske rockemagasinet Roadie Crew, nummer 100 (mai 2007), i omtalen av Aerosmiths Toys in the Attic (der Walk This Way først vart gitt ut), der videoen til Run-DMC/Aerosmiths fellesversjon vart nemnd..
Ifølgje journalisten Geoff Edgers var Tyler og Perry i utgangspunktet ambivalente til å medverka i videoen: Då Small ringde Tyler for å diskutera videokonseptet, sa Tyler til han: «Berre ikkje gjer narr av oss.... Eg vil ikkje at folk skal le av oss». Plotnicki skildra atmosfæren på settet som «hinsides kjølig», medan Smashed Gladys-gitaristen Bart Lewis vart slått av det faktumet at interaksjonen mellom medlemmene i Aerosmith og Run-DMC var minimal. Ifølgje Edgers tinte likevel det kjølige forholdet etter kvart som innspelinga gjekk føre seg..