Arild Hermstad () er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Sidan den 26. november 2022 har han vore leiar for MDG.

Liv og virke Bakgrunn Hermstad har hovudfag i samfunnsgeografi ved Universitetet i Bergen og to åra studiar økonomi ved Norges handelshøyskole.

Han er busett i Oslo med kone og to born.

Karriere Hermstad har arbeidd i bank, som brigadekoordinator i Latin-Amerika, med lokalt miljøarbeid i Bergen og i Raftostiftinga. Hermstad var leiar for Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017, og styreleiar i Syklistenes Landsforening frå 2013 til 2018.

I perioden mellom 2018 og 2020 var Hermstad den nasjonale talspersonen til MDG saman med Une Bastholm. Han vart valt til nestleiar i partiet på landsmøtet den 25. april 2020. Frå 2. januar 2020 til 9. mars 2021 var han vikarierande byråd i Oslo, dels for miljø og samferdsle, dels for byutviking.«Hermstad ut av byrådet», notis på nrk.no 5. mars 2021; besøkt 18. mars 2021.

Ved stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2021 var han fyrstekandidat i Hordaland for MDG.MDG Hordaland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arild Hermstad» frå , den 12. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske miljøvernarar