Permanent Vacation er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gjeve ut av Geffen Records den 25. august 1987. Albumet markerer overgangen bandet gjorde til ein pop-metall-stil som dei skulle behalda fram til Just Push Play i 2001.
Det vart gitt ut tre hitsinglar frå albumet, «Dude (Looks Like a Lady)», «Angel» og «Rag Doll». Det var det første albumet deira der dei brukte låtskrivarar utanfor bandet, i staden for å ha songar berre komponert av bandet sjølv. Dette kom etter forslag frå direktøren John Kalodner. Han pressa òg bandet til å jobba med produsenten Bruce Fairbairn, som heldt fram med å vere med dei i to album til. Det var òg det første Aerosmith-albumet som vart promotert tungt med musikkvideoar på MTV. Sjølv om Done with Mirrors var meint å markera comebacket til Aerosmith, blir Permanent Vacation ofte rekna som det verkelege comebacket deira, ettersom det var det første verkeleg populære albumet deira sidan gjenforeininga. «Rag Doll», «Dude (Looks Like a Lady)» og «Angel» vart store hittar (alle tre på topp 20) og bidrog til at Permanent Vacation vart den største suksessen til bandet på eit tiår.
Permanent Vacation har selt over fem millionar eksemplar i USA.
I Storbritannia var det det første Aerosmith-albumet som oppnådde både sølv- (60 000 selde einingar) og gullplate (100 000 selde einingar) av British Phonographic Industry, høvesvis i juli 1989 og mars 1990.
Mottaking Albumet fekk blanda til positive meldingar. I ei retrospektiv vurdering gav AllMusic albumet fire stjerner, og sa «trass i den for det meste fantastiske låtskrivinga, som gjer det til ein sterk innsats generelt, har nokre av krikane og krokane på albumet ikkje elda så bra på grunn av den overdrivne produksjonen til Fairbairn, med ein overdriven glattheit som er typisk for dei fleste pop-metal-album frå midten av 80-talet». Dave Reynolds frå magasinet Metal Forces kalla albumet «eit dritheitt album og eit kjem til å spele fanden ut av». Robert Christgau gav albumet karakteren C+, og sa at Aerosmith var «i ferd med å gå tom for drivstoff igjen».
Loudwire rangerte albumet som det sjette beste albumet til Aerosmith og forklarte rangeringa med at «den overdådige 80-talsproduksjonen har definitivt gått ut på dato, men Permanent Vacation er framleis blant dei største musikalske comebacka gjennom tidene». Loudersound plasserte albumet på lista si over dei 20 beste albuma frå 1987 og kalla det ei «samling av sublim pop-metall».
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget og AllMusic. Spornummera referer til CD og digitale utgåver av albumet.
Aerosmith Steven Tylersolovokal, piano, munnspel, orgel Joe Perrygitar: sologitar (alle utanom 10 & 12), solo- og rytmegitar på spor 1, korvokal, pedalsteelgitar på «Rag Doll» Brad Whitfordgitar: solo- og rytmegitar på spor 1, sologitar på spor 8, 10 & 12 Tom Hamiltonbassgitar Joey Kramertrommer
Andre medverkande Drew Arnottmellotron på «Angel» og «The Movie» Tom Keenlysideklarinett, tenorsaksofon, blåsararrangement på «Dude (Looks Like a Lady)» og «Rag Doll» Ian Putzbarytonsaksofon på «Dude (Looks Like a Lady)» og «Rag Doll» Bob Rogerstrombone på «Dude (Looks Like a Lady)» og «Rag Doll» Henry Christiantrompet Bruce Fairbairntrompet, cello, korvokal, produsent Scott Fairbairncello Mike Fraserlydteknikar, miksing Morgan Raelsteeltrommer Jim Vallanceorgel på «Rag Doll» og «Simoriah» Christine Arnottkorvokal på «The Movie»
Produksjon Bob Rock – lydteknikar Ken Lomas – assisterande lydteknikar George Marino – mastering Kim Champagne – kunstnarisk leiar Andy Engel – illustrasjonar Neal Preston – fotografi
Salslister Liste (1987-1988) Plassering Den australske albumlista (Kent Music Report) 42Den japanske albumlista (Oricon) 50
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Permanent Vacation (Aerosmith album)» frå , den 14. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Aerosmith-album Kategori:Geffen Records-album Kategori:Album produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Album spelte inn i Little Mountain Sound Studios Kategori:Glam metal-album