«Can't Stop Lovin' You» er ein powerballade av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith spelt inn i lag med den amerikanske countrysongaren Carrie Underwood og gitt ut 6. april 2013, som den fjerde singelen frå Aerosmith-albumet Music from Another Dimension!.

Bakgrunn Vokalisten og låtskrivaren i Aerosmith, Steven Tyler og den mangeårige samarbeidspartnar Marti Frederiksen skreiv songen saman med bandet under øvingane til Music from Another Dimension!. Tyler song han med ei «emosjonell stemme» som likna på hitten deira «Cryin'» frå 1993, og songen fekk ein romantisk countrylyd.

Tyler kommenterte: «Då han var ferdig, vart det diskutert at eg kanskje song han litt for country. Og heile tida tenkte me, burde me få inn nokon?». Tyler kontakta countrysongaren Carrie Underwood, som han hadde samarbeidd med dei siste åra, inkludert ein duett på ein Country Music Television Special i 2012 og ein opptreden på Academy of Country Music Awards i 2011, der Tyler og Underwood framførte Aerosmith-klassikaren «Walk This Way» saman, og dessutan Underwood-songen «Undo It», som var skriven i lag med Frederiksen. Den dagen Tyler kontakta Underwood, var ho tilfeldigvis i byen, men måtte reisa neste morgon, så Tyler spurde henne om ho kunne komma inn på plate den kvelden, og ho gjekk med på det.

Mottaking Omtrent 2,5 månader etter utgivinga av Music from Another Dimension!, vart «Can't Stop Lovin' You» gitt ut som singel til ulike radioformat den 21. januar 2013. Examiner.com skreiv at songen har «country-pop gitarpartar og melodi som blir hengjande i øyra, rett i Underwood sin smak.». Aerosmith-gitaristen Joe Perry var i utgangspunktet skeptisk til samarbeidet med Underwood, men etter å ha høyrt han sa han: «Stemmene deira passa veldig bra saman. Det høyrest ikkje påtvinga ut. Det var heilt rett.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Can't Stop Lovin' You (Aerosmith song)» frå , den 17. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Carrie Underwood-songar Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Marti Frederiksen Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Tom Hamilton Kategori:Songar frå 2012 Kategori:Songar skrivne av Joey Kramer Kategori:Songar skrivne av Brad Whitford Kategori:Hardrockballadar Kategori:Countryrock-songar