Nålkolibriar er ei biologisk slekt Chalcostigma av kolibriar med fem medlemmer som samla har eit leveområde langs Andesfjella frå grenseområdet Venezuela-Colombia i nord gjennom Colombia, Ecuador og Peru til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini – «koketter» – i underfamilien Lesbiinae.
Skildring Eit kort, sylforma nebb er det mest slåande trekket ved utsjånaden for nålkolibriar. Hannane har ein glitrande strupeflekk som er smal og forlenga ned over brystet. Elles for det meste mørke, lite iaugefallande fjørdrakter i slekta, kroppsstorleiker frå 10 til 15 centimeter. Litt ulike preferanser for habitat, t.d. lever koboltnålkolibri høgare enn regnbogenålkolibri som kan gå ned til 2700 moh. i Ecuador. Fire av dei fem artane lever innanfor grensene til Peru, og ein av dei, olivennålkolibri, lever på det høgste nivået, opp til 4700 moh. I Ecuador finn ein nålkolibriar i páramo-økosystem.
IUCN har kategorisert alle fem som livskraftige artar(LC).
Galleri
Artslista Nålkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Bronsenålkolibri, Chalcostigma heteropogon, Bronze-tailed thornbill, (Boissonneau, 1840), (LC) 13-14 cm, páramo økosystem 3000-3900 moh. i Colombia, marginalt inne i Venezuela Regnbogenålkolibri, Chalcostigma herrani, Rainbow-bearded thornbill, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC) 10 cm, mørk hannar med iriserande raud kronestripe i tillegg til strupen, 2700-3700 moh., páramo økosystem ofte ved tregrensa, frå nordlegaste Peru til Tolima-departementet, Colombia Brunkronenålkolibri, Chalcostigma ruficeps, Rufous-capped thornbill, (Gould, 1846), (LC) 10,5 cm, raudbrun krone, lever frå sørlegaste Ecuador til sentralt i Bolivia (Cochabamba-departementet), fuktig skog i austsida av Andes, 1400-3500 moh. Olivennålkolibri, Chalcostigma olivaceum, Olivaceous thornbill, (Lawrence, 1864), (LC) 14-15 cm, mørk brungrøn fjørdrakt, høgt (3100-4700 moh.) i puna økosystem frå Ancash-regionen i Peru til La Paz-departementet i Bolivia Koboltnålkolibri, Chalcostigma stanleyi, Blue-mantled thornbill, (Bourcier, 1851), (LC) 12-13 cm, sotbrun, gaffelforma hale, lever i våt páramo og jalca, frå Ecuador til Cochabamba, Bolivia
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chalcostigma» frå , den 18. mai 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:kolibrifamilien kategori:fugleslekter