If You Want Blood You've Got It (ofte skriven som berre If You Want Blood) er det første konsertalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, og det einaste konsertalbumet deira med Bon Scott som solovokalist. Det vart opphavleg gitt ut i Storbritannia og Europa den 13. oktober 1978, i USA den 21. november 1978 og i Australia den 27. november 1978. Albumet vart gitt ut på nytt i 1994 på Atco Records og i 2003 som ein del av serien AC/DC Remasters.

Bakgrunn Albumet vart gitt ut seks månader etter det førre studioalbumet deira, Powerage. Det hadde vore planlagt ei samleplate 12 of the Best, men prosjektet vart skrinlagt til fordel for eit konsertalbum. Det vart spelt inn under Powerage-turneen i 1978 og inneheld songar frå T.N.T., Dirty Deeds Done Dirt Cheap, Let There Be Rock og Powerage. Det er det siste AC/DC-albumet frå Bon Scott-æraen produsert av Harry Vanda og George Young, som òg produserte dei fem første studioutgivingane deira.

I Bon Scott sine memoarar Highway to Hell frå 1994 noterer forfattaren Clinton Walker: «Konsertalbum, som gjerne var doble eller triple sett der låtar som var korte i studioversjonane vart strekt ut til ein lang keisamheit, var av ein eller annan grunn populære på syttitalet. If You Want Blood reverserte denne tradisjonen ... det skrytte av ti spor og, utan å tillata noko uvedkomande, gjekk rett på sak, nemleg rasande AC/DC-rock and roll.»

Ein konsert på Apollo Theatre i Glasgow i Skottland 30. april 1978 vart brukt til live-sporet. Det har aldri vorte stadfesta om nokre andre spor frå turneen òg vart brukte. Konserten blir òg hugsa for ekstranummeret, då AC/DC kom attende på scena kledd i skotske fotballdrakter som ei hyllest til heimlandet til Scott og Young-brørne.

.

«Dog Eat Dog», som vart framført på kvelden, vart fjerna frå albumutgivinga, medan ekstranummeret - «Fling Thing/Rocker» - vart redigerte, der «Fling Thing» vart fjerna og Angus sin utvida solo, der han gjekk rundt blant publikum (med ein tidleg versjon av ein trådlaus gitarleidning), vart klipt bort. Denne delen av konsertteateret til bandet akkompagnerte seinare «Let There Be Rock»; «Rocker» har berre vorte framført nokre få gonger sidan Bon Scott gjekk bort i 1980. Live-utgåva av «Dog Eat Dog» vart gitt ut som B-side til singelen «Whole Lotta Rosie» i 1978, men berre i Australia. Den vart gitt ut på nytt i 2009 på den verdsomspennande CD-boksen Backtrack med to (standard) og tre (samleutgåve) CD-ar, med berre australske låtar som ikkje vart gitt ut internasjonalt på det tidspunktet, og live b-sider frå 7"- og 12"-singlar. Ekstranummera «Fling Thing» og «Rocker» (med ein komplett gitarsolo) dukka berre opp på eit nederlandsk TV-stasjonsopptak av konserten, men vart seinare gitt ut på DVD-en Family Jewels.

Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll frå 2006 var albumtittelen ei forlenging av svaret til Scott - på Day on the Green-festivalen i juli 1978 - då ein journalist spurde kva dei kunne forventa seg av bandet. Vokalisten svarte: «Blood.» Coveret er frå ei fotografering med Atlantic Records-fotografen Jim Houghton før ein konsert på Paradise Theater i Boston, og ideen kom frå kunstnarisk leiar i Atlantic, Bob Defrin.

Låten «If You Want Blood (You've Got It)» dukka opp på det neste albumet, gjennombrotet til bandet på dei amerikanske hitlistene, Highway to Hell.

Mottaking

Albumet blir ofte rekna som eit av dei beste konsertalbuma i historia. I eit intervju med Metal Hammer i 1992, i samband med det andre konsertalbumet deira, innrømde Malcolm Young: «Personleg føretrekkjer eg framleis det gamle albumet. Me var unge, friske, vitale og sparka ræva av deg.» Greg Prato frå AllMusic noterer: «Medan dei fleste andre rockeband på den tida var opptekne med å eksperimentera med disco eller laga studio-perfeksjonerte epos, var AC/DC eit av dei få som spesialiserte seg på rå og bluesaktig hardrock, noko som kjem fram av livesettet If You Want Blood You've Got It frå 1978.» Eduardo Rivadavia frå Ultimate Classic Rock var begeistra: «Andre konsertplater har kanskje fleire songar, fleire topp 40-hits eller endå fleire publikumsvenlege knep. Men svært få kan utfordra den reine spenninga og fandenivaldske laussluppenheita som er fanga på det fantastiske konsertdokumentet til AC/DC.» Albumet vart lista som nr. 2 på magasinet Classic Rock si lesaravstemming over «50 beste konsertalbum gjennom tidene».{ Carlo Twist i magasinet Blender lovprisa albumet og sa at «Dei var alltid eit mektig liveband, og dette er lyden av AC/DC i Europa like før gjennombrotet i USA i 1979. Publikumshysteriet skjer regelmessig gjennom forsterkarane når dei hyler med på vokalist Bon Scott si forteljing om seksuelt overførbare sjukdommar ('The Jack') og punkterer gitarist Angus Young si stakkato-riffing på 'Whole Lotta Rosie'. Førestill deg ein pønk-rockande Chuck Berry spelt på naseblod-volum.»{

Konsertopptak Heile Glasgow-konserten vart filma, men det komplette materialet har aldri vorte gitt ut. Etter kvart vart segmenta «Riff Raff» og «Fling Thing/Rocker» gjort tilgjengeleg på DVD-en AC/DC Family Jewels, gitt ut i 2005. Det vart òg brukt videomateriale frå konserten på Family Jewels med lydsporet «Rock 'n' Roll Damnation» frå studioversjonen. Delar av konserten (låtane «Rock 'n' Roll Damnation», «Dog Eat Dog» og «Let There Be Rock») vart gjord tilgjengeleg på DVD-en Plug Me In, gitt ut i 2007. «Bad Boy Boogie» vart inkludert på bonusdisken på tre-platers-utgåva av Plug Me In.{

Innhald

Medverkande Bon Scott – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Phil Rudd – trommer

Teknisk Produsentar: Harry Vanda, George Young Lyd: Mike Scarfe (MHA AUDIO)

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «If You Want Blood You've Got It» frå , den 28. mai 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av George Young Kategori:Album produserte av Harry Vanda Kategori:AC/DC-album Kategori:Atlantic Records-album