Tor Ovaldsson Lundtveit () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Drangedal. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet og ordførar i heimbygda.

Lundtveit var son til ein gardbrukar og landpostbod. Sjølv gjekk han Vestmar folkehøgskule, ein skule som kom i gang i 1909. Tor var glad i litteratur, særleg høgt sette han Aasmund Olavsson Vinje og Per Sivle. Han arbeidde på ymse anlegg, mellom anna med sprenging av fjell. Framom alt var han ein flink gråsteinsmurar. I åra 1911–1917 dreiv han småbruket Ørbu før han i 1924 busette seg på småbruket Hegna. Han var med på å stifte Krokens kooperative handelslag i 1917.

Frå 1914 til 1945 var Lundtveit medlem av heradsstyret, med unnatak for okkupasjonsåra. Han var ordførar frå 1932 til han i 1941 vart avsett av nazistyret. Perioden 1922-24 var han stortingsmann for Telemark og Arbeidarpartiet, medlem i Tollkomiteen. Han møtte tidvis også på Tinget i 1935 og -36, samt i 1945.

Lundtveit var «en uredd og sjølstendig mann og hadde sine meningers mot enda om det ofte var på tvers av sitt parti. Han førte en ypperlig penn og deltok med iver» i politiske debattar. I 1946 melde han seg ut av Arbeidarpartiet, etter ha kome med beiske kommentarar mot stortingskandidat Olav Versto.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Drangedal Kategori:Norske arbeidarar