Per Øivin Sola () er ein norsk gardbrukar og tidlegare friidrettsutøvar frå Sande i Vestfold. Perioden 1992-2000 vann han 3 NM-gull på 400 meter hekk og i alt 11 NM-medaljar på langhekken/korthekken. Fram til 1997 var han medlem i IF Sturla, frå 1998 representerte han SK Vidar.

Sola sin personlege rekord på 110 meter hekk er frå eit stemne på Lillehammer 3. juni 1997, då vart han klokka i mål på tida 14,28 sekund. Same året vart han norsk meister på 400 meter for fyrste gong, ein prestasjon han gjentok dei to neste åra. Den 12. august 1998 på Bislett stadion i Oslo presterte han sitt liv beste løp på langhekken, tida 51,11 var 0,35 sekund unna noregsrekorden til Petter Hesselberg.

Medaljar i noregsmeisterskap 1992 i Mosjøen: Bronse på 110 m hekk 1993 i Tønsberg: Bronse på 110 m hekk 1994 på Jessheim: Bronse på 400 m hekk 1995 på Lillehammer: Sølv på 400 m hekk, bronse på 110 m hekk 1996 i Kristiansand: Bronse på 110 m hekk 1997 i Overhalla: Gull på 400 m hekk 1998 i Askøy: Gull på 400 m hekk, bronse på 110 m hekk 1999 på Byrkjelo: Gull på 400 m hekk 2000 på Steinkjer: Sølv på 400 m hekk

Kjelder friidrett.no

Kategori:Norske friidrettsutøvarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Sande i Vestfold