Tundravier (Salix arctica) er ein krypande markbusk i vierfamilien som blir opptil 10 centimeter høg. Han veks i Arktis, inklusive Island, Svalbard og Færøyane. Planten føretrekk fuktig jord, hei, grusbakkar, frodig tundra, grusryggar eller bekkekantar. Tundravier dannar neppe hybridar eller variantar. høgre|mini|250x250pk|Tundravier på Kamtsjatka.
Skildring Tundravier er ein krypande, svært låg busk, som elles er morfologisk ganske lik sølvvier, men manglar dei loddentjukke håra på årskvistane. Han har gråbrun til mørkebrun bork og ligg krypande langs bakken med blotta, knortete og krokete kvistar og bladoverplater. Blada er lansettforma, butta eller berre moderat spisse i begge endar, og 2–7 cm lange. Bladskivene er mørkegrøne oppå og litt glatte med noko hår, medan bladstilken er raud til liks med midtnerven til bladet. Øyreblada er små eller heilt fråverande. Blomstringa finn stad i juli-august.
Raklane er inntil 8 cm lange og relativt snaue. Dei står på 1–5 cm lange, hårete skaft med 3-4 blad på. Raklane er brune og butta, kapslane er inntil 1 cm lange og av ulik farge, grøn-gråskjær med brunt eller raudt. Kapselen er tett hårete, og skafta kapselen står på er svært kort med raudt arr. Raklane er iaugefallande og gjer ein illusjon av raud-kvite, oppståande «blomstrar».
Utbreiing Tundravier veks på Grønland, Island, Færøyane og på sentral-sørlege Svalbard mellom anna rundt Isfjorden. Han veks òg i store delar av Canada, i Alaska og Washington i USA, i Russland og i Xinjiang i Kina.
Bruk Nordvest på Grønland har rotbork, blad og modne horaklar vore brukte som tilskot i kosten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tundravier» frå , den 11. juni 2023. oppgav desse kjeldene: Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk rei.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Vierfamilien Kategori:Plantar i Canada Kategori:Plantar på Grønland Kategori:Plantar på Island Kategori:Plantar på Færøyane Kategori:Plantar i USA