Atle Lunn () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Biri i Oppland som i åra 1991 og 1994–96 vart noregsmeister på 400 meter hekk. Han var medlem av Biri Idrettslag og sidan Minerva Friidrett.
Lunn sette i 1989 personleg rekord på langhekken med eit løp på 52,25 sekund. To år seinare vart han noko overraskande norsk meister i øvinga. Gjennom 1994-sesongen flytta han sin personbeste fleire gongar, sist til 51,41 då han vann NM-gull på Jessheim. Tida var norsk årsbeste, det var også 51,68 i 1995 og 51,32 i 1986. Den siste tida presterte han under noregsmeisterskapen i Kristiansand, der han sikra seg sitt tredje strake NM-gull i 400 m hekk og fjerde totalt.
Medaljar i noregsmeisterskap 1989 i Stjørdal: Bronsemedalje 1991 i Fana: Gullmedalje 1992 i Mosjøen: Bronsemedalje 1993 i Tønsberg: Sølvmedalje 1994 på Jessheim: Gullmedalje 1995 på Lillehammer: Gullmedalje 1996 i Kristiansand: Gullmedalje 1997 i Overhalla: Bronsemedalje
Kjelder friidrett.no
Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Folk frå Gjøvik