«Hells Bells» er opningssporet på Back in Black, det sjuande studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, som var det første albumet deira etter at songaren deira Bon Scott døydde. «Hells Bells» er den andre singelen frå Back in Black, og kom ut 31. oktober 1980. Songen kom òg ut på Who Made Who, eit filmmusikkalbum av AC/DC frå 1986 for Stephen King-filmen Maximum Overdrive og på begge versjonane av AC/DC Live i 1992.
Komposisjon «Hells Bells» byrjar med den langsame, sørgjelege klangen av eit tonn tung bronseklokke. Klokka var laga av John Taylor & Co. Bellfounders i Loughborough, og lyden av klokka vart spelt inn av Tony Platt ved hjelp av Ronnie Lanes mobile studio inne i klokkestøyperiet etter at innspelinga av Back in Black var ferdig i Compass Point Studios på Bahamas.
Mottaking «Hells Bells» blir rekna av mange som ein av dei beste låtane til bandet. I 2020 rangerte The Guardian låten som nummer seks på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane, og i 2021 rangerte Kerrang! låten som nummer sju på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.
Salslister ÅrListePlassering1980Frankrike (IFOP)161981Australske (Kent Music Report)7201220152022
Salstrofé
Use in sports «Hells Bells» vart brukt som inngangsmusikk for den tidlegare Major League Baseball-spelaren Trevor Hoffman på heimekampar frå 1998 til 2010.
Songen blir spelt før kvar heimekamp for New Jersey Devils når spelarane kjem ut på isen.
Den tyske fotballklubben FC St. Pauli frå Hamburg og den franske rugbyklubben RC Toulonnais frå Toulon opnar alle heimekampar med å gå ut til «Hells Bells», førstnemnde ofte med store fanoppvisningar og pyroteknikk.{
Under surfekonkurransen Bells Beach i Victoria i Australia, blir «Hells Bells» spelt i høgtalarane i byrjinga av det første heatet kvar konkurransedag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hells Bells» frå , den 20. juni 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar frå 1980 Kategori:AC/DC-songar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Songar produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Songar skrivne av Brian Johnson Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young